Adventskonsert

Musikkseksjonen ved Høgskulen i Volda ønskjer alle vel møtt til adventskonsert i Volda kyrkje torsdag 3. desember kl.19.00. Det blir innslag med symfoniorkesteret, høgskulekoret, ulike ensemble og enkeltstudentar som tek årsstudium eller bachelor i musikk.

– I år kan vi mellom anna by på ein sats frå Joseph Haydn sin trompetkonsert med solist Synne Seiertun Bjerke og O helga natt (Adams) framført av Guro Topphol, seier Elizabeth Oltedal ved musikkseksjonen.

I tillegg til fellessong av eit knippe julesongar vert det også gjenhøyr med ein sats frå fredsmessa av Karl Jenkins som nyleg vart framført i ei storstilt oppsetting i Volda.

724d1705ebf057670b62a448867a2fe2Konserten er gratis og ei gåve frå musikkmiljøet ved Avdeling for kulturfag til alle som vil ha oppleve ein stemningsfull førjulskveld i Volda kyrkje.

Del på: