Bandcamp på høgskulen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

ff9ebe81385981a350a8c81db47a8b42
Deltakarane på bandcamp. Foto: Media, IKT og Design-student Eivind Øverås.

– Vi har alle spelt i band i mange år og veit kor stor glede det gjev, og ikkje minst motivasjon for å øve. I staden for at ungdommane sit aleine på jenterommet eller guterommet er visjonen vår at dei skal oppleve glede og meistring i band. Eg har jobba med sommarklubb tidlegare, og har sett verdien av tilbod som ikkje er konkurranseprega, seier Eirik Sognnes.  

I styret i Bandcamp sit Sognnes saman med Timmy Aas og Alexander Laberg. Dei har i tillegg måtte leigd inn ekstra musikkstudentar på grunn av stor påmelding. 21 elevar frå 9 til 16 år er delt inn i fire band etter alder.

–  Vi har valt å ikkje dele dei inn etter nivå. Band er ein bra plass å gje tilpassa opplæring. Ein kan spele med andre på forskjellige nivå, og alle kan bidra med noko, seier Sognnes.

Nokre av elevane har spelt i band i fleire år medan andre ikkje hadde noko erfaring før bandcamp.

–  Ein av elevane hadde ikkje rørt eit trommesett før måndag. No vil han rydde ut datamaskina frå rommet sitt og lage plass til sitt eige trommesett, seier Sognnes og ler.

Bandcamp blir avslutta med konsert på Rokken i dag klokka 19. I tillegg til å spele i band har elevane vore på "fotoshoot" med Media, IKT og Design-student Eivind Øverås. Bilda finn du nederst i saka. 

Blant kriteria til sommarbedriftene står det at ein skal gi eit sosialt og kulturelt tilbod til barn og ungdom i sommarferien, og å nytte  potensialet for aktivitet i lokale som elles står tomme om sommaren.

– Vi har vore så heldige at vi har fått låne lokale her på høgskulen. Det i tillegg til støtta frå Studiebygda på 50 000 kr var heilt avgjerande for at dette har lete seg gjennomføre, seier Sognnes. 

 

bac01a757c9150c5c4aa38d035c36c8a
Foto: Eivind Øverås.

34db0985fd234a1b19a084288f919f3c
Foto: Eivind Øverås.

463c5f17287b7d6428d81e7a094d9688
Foto: Eivind Øverås.

Del på