Klar for å studere? Registrer deg no!

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Har du starta nedteljinga til studiestarten i haust, er dette eit viktig steg på vegen: Frå 1. august kan du semesterregistrere deg, og det er lurt å ikkje vente.

Både nye og «gamle» studentar må registrere seg kvart semester. Dette gir deg mellom anna tilgang til ulike undervisningsverktøy og gjer det mogleg å få lån og stipend frå Lånekassen.

Frå 1. august kan du registrere deg for haustsemesteret, og det er smart å gjere det tidleg – då går du ikkje glipp av noko viktig eller nødvendig i starten av semesteret.

Spørsmål? Studentsørvis kan hjelpe

På sida Studiestart 2023 finn du informasjon om registrering og anna nyttig til studiestart.

Skulle det vere noko du lurer på eller ikkje får til, kan du få hjelp av dei trivelege folka på Studentsørvis – send ein e-post til studentsorvis@hivolda.no eller ring 70 07 50 18, så er du i gode hender.

Vi gler oss til å ta imot deg på Høgskulen i Volda!

Del på