Studentvelferd: Ei god studietid i Volda

Tekst: Terese Balsnes

- Oppdatert

Å starte på eit studium, flytte til ein ny stad, bli kjend med nye folk, finne seg til rette, engasjere seg i aktivitetar og frivillig arbeid. Sjølve kjernen i studentlivet! Lærerikt, interessant, moro og utviklande når alt går på skinner. 

Men av og til svingar livet litt til sida, eller det er i periodar ikkje så lett å vere sjølvstendig student. Ein kan føle seg litt fortapt og åleine! Høgskulen og Studentsamskipnaden i Volda veit at dette kan skje alle, og samarbeider difor tett om velferda til studentane i Volda

Samtalepartnarar

Når du treng nokon å tenke høgt saman med, kanskje har du utfordringar med dei du bur saman med, eller du har møtt på eit moralsk dilemma - eller kanskje du rett og slett berre har ein dårleg dag? Då kan det vere godt å snakke med ei av dei tre damene som har dette som jobben sin: rettleie og gi gode råd til deg som treng det. Vi kallar dei studentrådgjevar, studentprest og studenthumanist, men dei heiter Eli Anne, Ruth Eva og Lone. Dei tre damene har teieplikt og tilbodet deira er heilt gratis. Du må berre hugse å bestille time!

Svarar på spørsmål, kursar og hjelper deg på veg

Kva rettar har du som student? Og kva plikter har du? Kva er god studieteknikk, og korleis var det no med kjeldeliste igjen? Også i sjølve studiet kan det dukke opp praktiske utfordringar, eller du treng å få tilrettelagt dagen din. På studentservice og i biblioteket får du hjelp og rettleiing til alt frå oppgåveskriving til semesterregistrering. Du finn dei i kvar sin ende i 1. etasje i Berte Kanutte-huset, og du kan både ringe og sende e-post. 

Fagleg oppfølging og spørsmål rundt innhaldet i studiet du går på må du rette til læraren din. Informasjon om kven dette er ligg på kvart enkelt studietilbod i studiekatalogen. Du kan også logge deg inn i Canvas når du har registrert deg som student.

Helsetenester

Som student i Volda skal du vere trygg på at du får den hjelpa du treng når du treng det, både på skulen og på fritida. I tillegg til samtaletenesta, råd og rettleiing frå studentservice og biblioteket, har alle studentar tilgang til gratis helsestasjon og til psykologisk helseteneste gjennom Studentsamskipnaden. 

Hald deg oppdatert!

Følg med på sosiale medium for påfunn, kjekke hendingar og tips og råd frå desse som bidrar til at du som student skal ha ei så trygg, forutsigbar og god studietid som mogleg! 

  • Høgskulen i Volda: @hivolda
  • Biblioteket: @hivolda_biblioteket
  • Studentsamskipnaden i Volda: @sivolda
  • Studentprest: @studentpresten_i_volda
  • Studenthumanist: @studenthumanisten_i_volda

Del på