Musikkstudentar solistar med MixMasters

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

3cddcab2fc1d12c66c2aa8bfd9a9314c

MixMasters i sving under konserten på Høgskulen i Volda laurdag 5. mars. Foto: Ingvild Runde, Møre.

MixMasters er eit storband som spelar svingande og melodiøs jazz frå 30- og 40-talet. Bandet har sitt utspring frå høgskulemiljøet i Volda, og dagens medlemar er studentar og fastbuande frå Volda, Ørsta og Nordfjord. Dirigent er Kjetil Rasmussen, kulturskulerektor i Stryn.

Samarbeid

«Vocalese Route 39» med konsertar i Volda og Stryn er eit samarbeid mellom MixMasters og Stryn kulturskule og musikkutdanninga ved Høgskulen i Volda.

7f1f23283a49b984ea036bf0f9aba13d

– Dette er eit innlegg i kommunereforma, spøkte Rasmussen, som kunne fortelje at MixMasters snart er 40 år og at bandet lenge har hatt eit godt samarbeid men Stryn kulturskule og Høgskulen i Volda. Foto: Ingvild Runde, Møre.

Høgskulestudentane

Frå musikkutdanninga ved Høgskulen i Volda stilte mellom andre Christoffer Jensen, Guro Topphol, Are Warlo Gulliksen og Christian Alhaug.

7e32e456a7daa71e955607687b7805f9

Åmdalingen Christoffer var først ut med «Route 66». Den mjuke tenorstemma hans var god å lytte til. Foto: Ingvild Runde, Møre.

f6f580cd1a6cfec301be9076a25c0801

Christian Alshaug framførte «Beyond the Sea» med ei mørkare røyst. Han svinga seg rundt på scena, og såg til å kose seg med musikken. Foto: Ingvild Runde, Møre.

Are Warlo Gulliksen frå Hokksund er ikkje framand for å synge jazz, men å synge med eit storband i ryggen er nytt for han. Han gjorde ein kraftfull  «Feeling good» inspirert av  Michael Doublé.

7f59b30ffc1c293b9619b8a3e956c3ef

Guro Topphol hadde valt den krevjande «Skyfall». Ho levde seg inn i songen og gav alt.  Foto: Ingvild Runde, Møre.

Eg var med i fjor også. Det er kjempegøy å syngje med MixMasters, seier Christoffer Jensen.

Opptak frå konserten i Stryn kulturhus dagen etter.

Del på