Radioteater på gamlemåten

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Andre klasse ved bachelorutdanninga i teater og drama brukte førre veke til å spele inn høyrespelet Lucifers by av Vegard Steiro Amundsen. Radiostudio var scena i Volda samfunnshus og fredag kunne publikum få høyre innspelinga og sjå studentane spele to av scenene i stykket.

På scena var studentane på det samlingsbaserte vidareutdanningsemnet TOD107 Lydbok, Dubbing og Radioteater og utstyret til lydeffektar rigga rundt ein einsleg mikrofon i midten av lokalet. Tale og lydeffektar vart tekne opp samtidig med studiopublikum til stades.

– Vi skulle eigentleg gjere denne innspelinga i eit NRK-studio på Marienlyst i samarbeid med Else Barratt-Due som er instruktør, dramaturg og produsent i Radioteateret. Turen til Oslo vart diverre avlyst grunna Covid-19. Difor satsa vi ambisiøst på å gjere det her. Eg har aldri gjort noko slikt før, og vi var naturlegvis svært spente på korleis det ville gå, seier høgskulelektor Raymond Corrado Knutsen.

Lucifers by er eit norsk kriminalhøyrespel i tre delar som ble sendt på NRK Radio i 2011. Stykket handlar om ein bombeeksplosjon ved Stortinget som kostar mange menneskeliv.

– Radioteater er rett og slett spennande forsking i lyd, seier høgskulelektor Raymond Corrado Knutsen. Foto: Lea K Albertsen.

– Høyrespel er ein herleg hybrid mellom film og teater. Vi må lage intensitet og spenning berre ved hjelp av lyd og lydeffektar. Bilda må lyttaren skape i sitt eige hovud. Det er rett og slett spennande forsking i lyd, seier Corrado Knutsen.

Sjølv om dette var nytt for studentane ved bachelorutdanninga i teater og drama ved Avdeling for kulturfag var det tydeleg at publikum i studio sette pris på opplevinga. Det vart ei intens og tett oppleving å sjå og høyre denne typen teater på nært hald.

Del på