Storbandtreff 2019

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

For tredje året på rad er musikkseksjonen ved Høgskulen i Volda med på arrangere storbandtreff i Volda. Laurdag 25. mai vert det gateparade, utekonsert i sentrum og konsert i konsertsalen i Henrik Kaarstad-huset.

– Vi har i fleire år arbeidd for å utvikle eit stimulerande miljø for blåsarar her ved musikkutdanninga i Volda. Storbandtreffet er ein lekk i dette arbeidet. Vi er glade for at studentane sitt eige storband Heilt Blåst skal ta del i årets storbandtreff saman med Ulstein Storband, Mixmasters, Veterankorpset i Volda og Nordøyane storband, seier høgskulelektor Svein Hunnes ved musikkseksjonen ved Avdeling for kulturfag.

Symfoniorkester, kammermusikk og storbandjazz

Musikkutdanninga i Volda har mange arenaer der musikkstudentane kan prøve ut ulike former for musikk. Utdanninga har eige kor og Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda har nettopp gjennomført ein strålande 17. mai konsert med solist Annar Follesø. I samarbeid med Sunnmøre kammermusikkfestival får musikkstudentane verdfull fagleg rettleiing og foredrag frå artistar i verdsklasse.

– Storbandmusikk er ein viktig sjanger i tillegg den klassiske musikken. Musikkseksjonen har i fleire år hatt eit samarbeid med det regionale storbandet MixMasters for å gi studentane våre høve til å opptre med eit fullt storband, mellom anna i dei sokalla «Vocalese-konsertane» vi har hatt i Volda og Stryn. Storbandtreffet kan seiast å vere ei vidareutvikling av dette samarbeidet, seier Svein Hunnes.

 

Høgskulelektor Svein Hunnes ved musikkutdanninga i Volda.

Liv og røre i sentrum

– Alle som vil ta del i gateparaden med blåse- eller perkusjonsinstrument frå Rokken kl. 12.30 på laurdag 25. mai er velkomne. Det blir fellesøving på Rokken kl. 11.00
 

Program

Kl. 1230: Gateparade frå Rokken. Alle banda.
Kl. 1300: Utekonsert. Musikkpaviljongen.
Kl. 1900: Konsert. Konsertsalen, Kaarstad-huset.

Del på