300 barnehagetilsette på kurs i regi av Barnehageløftet

Nyleg var omlag 300 barnehagetilsette frå Kristiansund og Frei samla til kurs i auditoriet til Frei ungdomsskule. Gerd Sylvi Steinnes og Bente Vatne frå Institutt for pedagogikk heldt kurs i Pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagen.

Det var ei engasjert og interessert forsamling av assistentar, førskulelærarar og styrarar. Kurset er byrjinga på eit pilotprosjekt, eit samarbeid mellom kommunane Kristiansund og Frei og Høgskulen i Volda.

bl07-melding

I oktober startar ein utviklingsarbeid i barnehagane i Kristiansund og Frei med tema IKT og Medverknad. Lila Moberg og Gerd Sylvi Steinnes er prosjektleiarar. I januar startar utviklingsarbeidet Filosofiske samtalar om matematiske spørsmål. Prosjektleiarar er Ralph Meier og Leif Bjørn Skorpen.

Del på: