50-årsjubileum for kyrkjelege utdanningar i Volda

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Hausten 1971 kom ein i gang med undervisning ved distriktshøgskulen i Volda. Året etter kunne ein lyse ut eit studium i «Organisasjon og velferd, teologisk line». 50-årsjubiléet for dei kyrkjelege utdanningane i Volda vert markert med eit fagleg seminar, jubileumsfest og gudsteneste i samband med Forskingsdagane siste helga i september.

Meld deg på her!

Dei tre første studieretningane ved den nystarta distriktshøgskulen i Volda var norsk, media og organisasjon og velferd. Det sistnemnde studiet skulle gi studentane kompetanse i miljøarbeid, fritids- og velferdsarbeid i institusjonar, rådgjevingsarbeid, men også meir administrative oppgåver i organisasjonar, eit nokså breitt kompetansefelt.

i AA HUSET
Distriktshøgskulen i Volda heldt til i Ivar Aasen-huset.

Organisasjon og velferd, teologisk line

Det toårige studiet i Organisasjon og velferd vart i løpet av det første året delt i to: Ei allmenn linje, som etter kvart utvikla seg til sosialpedagogikk og dei treårige bachelorutdanningar i sosionom og barnevern. Den andre, Organisasjon og velferd, teologisk line, kom i gang hausten 1972. Dette studietilbodet utvikla seg snart til «KM» (kristendomskunnskap og menighetsarbeid), og vidare til «Kyrkjefag» med utdanningar for både kyrkjelydssekretærar, kateketar og kyrkjeverjer.

Jubileumsseminar

50-årsjubiléet for dei kyrkjelege utdanningane i Volda vert markert med eit fagleg seminar, jubileumsfest og gudsteneste i samband med Forskingsdagane siste helga i september.

Sjå programmet her.

På fredag 23. september vert det eit fagleg seminar om kyrkjeleg stillingsstruktur og utdanning til kyrkjeleg teneste.

Der vert det innleiingsforedrag ved Frank Grimstad om utviklingsdrag og framtidsperspektiv for kyrkjeleg utdanning i Noreg. Grimstad er cand. philol. med faga kristendom, pedagogikk og psykologi, og han arbeidde som kateket før han vart tilsett i Kyrkjerådet i 1980. Der la han grunnen for og fekk etablert det som no heiter «KA Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter» – der han var administrerande direktør i fleire tiår. No har Grimstad ei seniorstilling ved høgskulen VID i Oslo. Han var ein viktig inspirator og rådgjevar for dei kyrkjelege utdanningane i Volda, og i foredraget vil han m.a. drage linjer frå innlegget «Kyrkja som kallsmarknad i dag og i morgon» som han heldt ved ein konferanse om kyrkjeleg utdanning ved høgskulen her i 1991.

Med bakgrunn i eigne erfaringar vil så desse tre med utdanning frå Volda kome med sine refleksjonar til tematikken: Anne Berit Laache Stokstad, Heidi Strand Mathisen og Oddvar Etnestad.

Ky jub innl
Frå venstre: Frank Grimstad, Oddvar Etnestad, Anne Berit Laache Stokstad og Heidi Strand Mathisen.

Anne Berit representerer dei som har arbeidd som kyrkjelydssekretær og også i kristeleg organisasjonsliv. Ho studerte her frå starten i 1972, og kan dele opplevingar frå dei som var pionerar (eller prøvekaniner?).

Heidi tok kateketutdanning i Volda frå 1985 til 1989, og etter fire år som kateket i Karlsøy i Troms har ho sidan 1994 vore kateket i heimesoknet Hamarøy i Nordland.

Oddvar gjekk først KM-linja 1982–1984, og så vidareutdanna han seg til kyrkeverje i studieåra 91/92 og 94/95. Han har vore kyrkjeverje sidan 1995; først i Førde, så på Kongsberg og no i Øvre Eiker.

Seminaret vert avslutta med panelsamtale og diskusjon leia av førstelektor Magnar Hjertenæs.

Omvising og jubileumsfest

På laurdagen får tidlegare studentar og lærarar lunsj i høgskulekantina – med påfølgande omvising inne og ute på høgskuleområdet. Deretter vert det jubileumsfest på Uppheim med attersyn, drøs og anna lødig program.

Holien 2
Anny Holien.

Gudsteneste

Søndag vert det Forskingsdags-gudsteneste med preike ved Anny Holien.

Ho tok kateketutdanninga i Volda frå 1986 til 1990, og har deretter gjort teneste som kateket i ulike stillingar i Hamar bispedøme. For tida leier ho trusopplærings-arbeidet i Østre Toten.

Etter gudstenesta vert jubileumshelga avslutta med kyrkjekaffe på Uppheim.

Del på