Kom på forskingsfestival!

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Kan vi dyrke norske avokadoar med spillvarmen frå gaming? Utforsk dette og mykje meir under gratisfestivalen Forskingsdagane!

Denne veka er det endeleg klart for Forskingsdagane på Høgskulen i Volda (HVO). Årets festivaltema er Energi, og programmet er fullpakka med gratis arrangement for store og små, frå torsdag 21. september til søndag 1. oktober.

– Du treng ikkje vere fagperson for å ha glede av festivalen. Kik gjennom programmet og finn noko som pirrar nysgjerrigheita – og så startar du der, smiler festivalkoordinator Ida Haug Theodorsen.

Avokadodyrking og e-sportstjerner

Eit av høgdepunkta blir arrangementet Game for Guac laurdag 23. september – ein fascinerande kombinasjon av dataspel og drivhus. Her skal rett og slett «spillvarmen» frå ein e-sportsleg dugnad brukast som energi til dyrking av norske avokadoar!

– Ungdomane kan kome og bryne seg mot stjernelaget 777 i spelet Fortnite, barna kan boltre seg med energisk bokstavleik og elektronisk kroppsøving og foreldra kan lære om smarte framtidsløysingar. Denne laurdagen på Volda Campus Arena blir gull for heile familien, slår den engasjerte koordinatoren fast.

Feiring av forskingsformidling

Forskingsdagane er ein årleg, nasjonal festival i regi av Noregs forskingsråd, og det er ein av dei største forskingsfestivalane i Europa.

– Med festivalen skal vi formidle forskinga på ein tilgjengeleg måte for alle. Festivaltemaet Energi blir ein raud tråd. Mange tenkjer kanskje då først på olje og klima, men energi er rundt oss overalt og heile tida, og det angår også mykje av det vi forskar på ved HVO, forklarer Theodorsen.

Fredag 22. september er det offisiell festivalopning ved HVO med utdeling av FoU-prisen 2023.

Koordinator Ida Haug Theodorsen viser fram T-skjorta til Forskingsdagane 2023.
Ida Haug Theodorsen, koordinator for Forskingsdagane 2023 ved HVO, gler seg til å treffe store og små festivalgjengarar. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Opplevingar for alle

Heile festivalen er gratis å vere med på. Nokre arrangement er mynta spesielt på til dømes inviterte barnehagar og skular, men fleire programpostar er opne for alle som vil vere med.

Festivalen tjuvstartar torsdag 21. september. Då kan du lære om korleis brukte klede innsamla i mellom anna Noreg endar opp som rundt 15 millionar plagg i veka (!) i Ghana, og kva ringverknader dette har.

Søndag 24. september får du både kinofilm og popkorn gratis på Hjørundfjord Filmteater. Det blir framsyning av dokumentarfilmen Kampen om Mardøla (1972), og med oss har vi fleire fagpersonar med stor kunnskap om kraft, utbygging og natur – høgaktuelle tema den dag i dag. Kraft blir det også tema måndag 25. september, då med eit lærerikt foredrag om fornybar energi og kjernekraft.

– Eg kan også drage fram det spennande arrangementet Tankane si kraft torsdag 28. september. Her utforskar vi korleis hjernen vår handsamar ulike dialektar og språkforskjellar, og vi skal demonstrere «hjernehetta» og vise folk korleis språket blir prosessert i hjernen i sanntid, seier Theodorsen.

Menneske og maskin blir også temaet same kveld på Aktivitetshuset i Ulsteinvik. Der kan publikum få oppleve virtuell røynd med eigne auge, lære om kva kunstig intelligens er, og lære korleis denne banebrytande teknologien kan brukast til å gi betre tilbakemeldingar i skulen.

Godbitar for dei minste

Ei grunnleggjande nysgjerrigheit kan seinast å vere eit fellestrekk ved forskarar og barn. Derfor er Forskingsdagane sjølvsagt også for dei minste!

Barnehagar og skular er inviterte til mellom anna energisk barnebokbad og utforsking av digitale verktøy. I tillegg kan vi nemne barneyoga i Aasentunet søndag 24. september og ein energisk dag på Runde laurdag 23. september og søndag 1. oktober.

– Barneprogrammet på Runde Miljøsenter får litt ekstra magi over seg. Her skal barna få eksperimentere med å lage bølgjer og vind og sjå korleis naturkreftene påverkar kvarandre, fortel Theodorsen, utan å ville avsløre alt det spennande på førehand

Samtalekafe under Forskingsdagane 2022

Festival + student = sant

Mange av arrangementa er retta mot studentane, og det startar allereie første festivaldagen: Etter presentasjonen om bruktklede blir det samtalekafé om festivaltemaet Energi. Her blir det gratis mat og gode diskusjonar saman med studenthumanisten og studentpresten ved HVO.

På Studenthuset Rokken måndag 25. september blir det tid til inntrykk og refleksjon under dobbeltarrangementet Film og tanke + Tekst og tanke med visning av animasjonsfilmen Pearl Diver og live-podkast.

Onsdag 27. september er alle arrangementa mynta på studentar: EnergiKviss på Rokken, Tekst og tanke med samlesing i BK-kantina og innføringa i Kunst og uttrykksmetoder for språk og livsmeistring. Sistnemnde har avgrensa plass, så her bør interesserte melde seg på tidleg.

– Dette er eit opplegg basert på EXIT-metoden, som kan vere relevant for handtering av forskjellige traume, om ein til dømes kjenner seg ekstra påverka av alt som skjer i verda for tida, fortel koordinator Theodorsen.

Påfyll for lærarar

Forskingsdagane byr også på nyttig og inspirerande fagleg påfyll for lærarar. Torsdag 28. september er til dømes lærarar og lærarstudentar inviterte til ein halv fagdag om undervisning i kontroversielle tema.

Tysdag 26. september blir det seminar om norskfaglege tema for lærarar og andre interesserte, og fredag 29. september er barnehagar og skular inviterte til ei spennande økt om bruk av digitale verktøy, der både barna og dei vaksne får boltre seg.

Elleve spennande dagar

Høyrest noko av dette ekstra spennande ut, finn du meir informasjon i det fullstendige festivalprogrammet – med endå fleire programpostar. Koordinator Ida Haug Theodorsen anbefaler at du allereie no peikar deg ut nokre arrangement du vil prioritere:

– Kanskje får du vekt ei heilt ny interesse under festivalen? Alle nysgjerrige sjeler bør ta turen til Forskingsdagane dei neste to vekene.

Del på