Aktiv omsorg

-Aktiv omsorg er ein viktig strategi for framtidas omsorgsteneser. Det vil kreve større fagleg bredde i omsorgssektoren med fleire faggrupper og auka vektlegging på kulturtiltak, sosialpedagogikk, ergoterapi, fysioterapi og sosialt arbeid, seier Anne Sofie Egset. Ho er prosjektleiar for "Aktiv omsorg" som 30. april inviterer til seminar om kompetasebehov og rekruttering i omsorgssektoren.

-Vidare har vi saman med nettverkskommunane på Søre Sunnmøre utvikla eit deltidsstudium om miljøterapi som skal styrke den pedagogiske og kommunikative kompetansen til personar som jobbar innan demensomsorga med tanke på å skape gode tilbod til menneske med demens.

Les meir på www.hivolda.no/omsorg

ASEgset_ill

Del på: