Allsidige Forskingsdagar i Volda

Tekst: Bente Gunn Lien

- Oppdatert

Jane Austen kjem

Jane Austen er kinoaktuell i desse dagar, men ho kjem før filmen til Volda. Forskingsdagane opnar fredag 21/9 med Jane Austen-eksperten Marie N. Sørbø, som har vore med på eit stort, internasjonalt bokprosjekt om resepsjonen av Jane Austen i Europa. Ho har skrive om korleis Jane Austen har blitt motteken i Noreg, og i foredraget sitt vil ho m.a. kome med smakebitar frå omsetjingar og litteraturhistoria. I nettmagasinet i Dagbladet (14/9) kan du også lese meir om filmen og intervju med Marie N. Sørbø.

Polaråret og globalisering

Forskingsdagane er ein stor nasjonal festival som har som mål å skape begeistring og forståing for forsking. Kvart år vert det valt eit felles hovudtema, og i 2007 er det polaråret og globalisering.Fleire av arrangementa på Sunnmøre vil gjenspegle desse tema på ulikt vis. Klima og miljø er sterkt knytt til både polaråret og globalisering, ogStudenttinget i Volda (STIV) har valt å sette dette på dagsorden. Måndag 24/9 arrangerer dei ein debattkveld om miljøutfordringar på Rokken, der Odd Einar Dørum, Bjørn Jacobsen og Jon Georg Dale deltek.

 

Nynorsk for innvandrarar?
Med stønad frå Nynorsksenteret har Birgitte Fondevik Grimstad og Hilde Osdal utvikla ein nynorsk grammatikk for minoritetsspråklege. Måndag 24/9 vil dei m.a. svare på kvifor denne gruppa treng eit tilbod på nynorsk og kva vanskar minoritetsspråklege har i det norske språksystemet. Dette arrangementet er eit samarbeid med Eldreuniversitetet.

              

Tre turmål med Forskingsdagane

Matkultur har vore eit fast innslag under Forskingsdagane i Volda. Om du legg søndagsturen til Volda bygdetun 23/9, vil du møte årets matkulturstudentar og få vere med på ulike aktivitetar knytt til matkultur og matlaging.

For første gong er Ivar Aasen-tunet med på Forskingsdagane, og dersom dette er turmålet ditt fredag 28/9, kan du få vere med direktør Ottar Grepstad og bibliotekleiar Kirsti Langstøyl i samlingane og magasinet i Aasen-tunet når dei viser fram viktige og kuriøse skrifter.

Det tredje turmålet kan du nå utan fysisk slit og strev. Laurdag 29/9 set vi oss på bussen som køyrer til Ishavsmuseet på Brandal. Med gevær og hakapik vil Arnljot Løseth ta oss med inn i den sunnmørske selfangsthistoria. Sverre Sundalsfoll vil vise film og bilete frå Vesterisen, og i tillegg vil det bli omvising på museet. Det blir sett opp gratis buss t/r Volda.

… og på lufta med

Om du slår på Bygderadioen 21/9, 26/9 og 28/9 kl. 19, vil du kunne få med deg noko av Forskingsdagane heime i di eiga stove. Reidun Aambø, Torbjørn Urke og Odd Ragnar Hunnes vil snakke om tema knytt til deira forsking og undervisning ved Høgskulen i Volda. Stikkord er kommunikasjon over kulturgrenser, Fridtjof Nansen under Polarhimmelen og studentar i Kenya.

Kva er vitsen med journalistikk?

16 av dei tilsette frå Avdeling for mediefag vil svare på dette i løpet av onsdag 26/9. Alle er velkomne til dette innhaldsrike heildagsseminaret, der det også blir høve til å stille spørsmål og diskutere.

Møremusikarar og Møreforsking

Forskarar frå Møreforsking Volda har det siste året evaluert ordninga med Møremusikarane. På dette halvdagsseminaret 27/9 vil både forskarar og tilsette frå Møre og Romsdal fylke gjere oss betre kjende med Møremusikarane. I tillegg vert det fleire kunstnariske innslag med nettopp Møremusikarar. Sjå også kronikk i Sunnmørsposten 20/9 om evalueringa.

Afrika

Fleire fagmiljø ved Høgskulen i Volda har samarbeid med ulike institusjonar i fleire afrikanske land. På denne tysdagskvelden (25/9) vil Ottar Berge halde foredrag om afrikansk religiøsitet, og Birger Løvlie held foredrag om afrikanske kyrkjer og demokratikamp.

Les meir på www.hivolda.no/forskingsdagane

Del på