Arbeid med utdanningskvalitet

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Det er behov for å vidareutvikle kunnskap om ulike måtar å forstå- og utøve undervisning og formidling på, korleis bygge gode læringsmiljø, kunnskap om korleis og når studenten lærer best, om forholdet mellom formidling og læring og om motivasjon og vurdering. –Dei fleste høgskulane og universiteta i Noreg har slike kurs. Institusjonane ser dette som ein naturleg del av det interne kvalitetsarbeidet og at tilbodet rettar seg til alle tilsette uavhengig av ansiennitet og erfaring, men det er sjølvsagt særleg aktuelt for nytilsette. Kvalitetssystemet til høgskulen forpliktar også vår institusjon til å gi kurs i høgskule- og universitetspedagogikk, seier prodekan Anne Øie.

Oppstart
Hausten 2012 vil høgskulen saman med Høgskulen i Sogn og Fjordane tilby eit emne som tek opp læring og undervisning i høgare utdanning. Dette er eit kurs på 5 studiepoeng. Målgruppa er fagleg tilsette ved høgskulen med undervisnings- og formidlingsoppgåver. Tilbodet er praktisk retta og deltakarane tek utgangspunkt i eigen praksis. Sogndal har gjennomført studiet fleire gongar og med svært gode tilbakemeldingar. – Studentane har rett til å forvente høg kvalitet på undervisninga vår, og eg er glad for at vi no kan tilby kurs i høgskulepedagogikk, seier rektor Per Halse.

Informasjon for tilsette

Del på