”Bra mat for betre helse”

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Utgangspunktet for kurset er Handlingsplan for betre kosthald (2007-2011) i ”Oppskrift for et sunnare kosthald”. Målet med kurset er å motivere, hjelpe og støtte deltakarane til å gjere positive forbetringar i kosthaldet under mottoet ”små skritt – store forbetringar”. Kurset skal også vere med å auke forståinga av den fysiologiske gevinsten. Kursleiarkurset set fokus på å gi praktisk innføring i samtaleteknikken ”endringsfokusert rettleiing”.

Kosthaldskurset er utvikla av Helsedirektoratet og har temabasert undervisning på fem kurskveldar. Som deltakar vil ein få praktiske råd og opplæring om mellom anna sunne matval i kvardagen, korleis få til regelmessige måltid og råd om praktisk matlaging med meir. Mange veit at ein bør ete sunnare for enten å unngå sjukdommar knytt til levevanar, eller for å forbetre eller leve med diagnosar ein alt har fått. Kurset gir hjelp til å ta gode kosthaldsval.

– Det er positivt med eit kurstilbod som har fokus på mat for betre helse, seier førstelektor Heidi Brunstad-Øyehaug.

Kursleiarkurset vert arrangert på høgskulen 11. og 12. november. Les meir på mrfylke.no.

Del på