Den kulturelle skolesekken

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Den kulturelle skolesekken –
Kompetanseutvikling for lærarar i vekene 43 og 44


Høgskulen i Volda inviterer til ei kursrekkje primært for tilsette i grunnskulen, SFO og i kulturskular i samband med «Den kulturelle skolesekken». Med økonomisk støtte frå Norgesnettrådet, Statens lærarkurs og i samarbeid med Statens Utdanningskontor og Fylkeskulturavdelinga i Møre og Romsdal, legg vi opp til verkstadprega kurs med ulike tema.

skolesekken


Følgjande kurs er aktuelle:

26. og 27. oktober i Volda:
SPOR – drama/teater som styrande struktur for tverrfagleg undervisning

29. og 30. oktober i Volda og 1. og 2. november i Molde:
Animasjon
Aktiv kunstformidling
Bruk av film og video i skulen
Fortellarverkstad
Hip hop
Rim, regler, rapp og reggea

Nedanfor vil de finne ein kort omtale av kursa. Vel møtt til inspirerande kurs!

1. SPOR – DRAMA/TEATER SOM STYRANDE STRUKTUR FOR TVERRFAGLEG UNDERVISNING
Kurset byggjer på prosjektet «Oterspor», prøvd ut ved Mork skule i fjor. I botnen for prosjektet ligg ein synopsis av forfattaren Hans Rotmo. I synopsisen strekar han opp handlingsmuligheiter innanfor 10 ulike historiske epokar, «frå istid til notid». Biletkunstar Kyle Hanson Hanslien og scenograf Madeleine Sandell har arbeidd fram visuelle idèar knytt opp til synopsisen. Regissør og dramapedagog Ragnhild Vannebo har bistått med drama-arbeidsmåtar og ein sluttregi av prosjektarbeidet fram til eit teaterprodukt. Musikkidèar er også prøvd ut av musikk- og dramalærar Birgit Berg.

Dei ovannemnde kunstnarane vil undervise på kurset, i tillegg til Grete D. Berg (høgskulelektor i spesialpedagogikk) og Roar Stokken (prosjektleiar innan IKT) frå Høgskulen i Volda. Lærarane ved Mork skule vil vere tilstades og dele erfaringar.

Kurset blir lagt opp med førelesingar, video-framsyning, praktisk arbeid – og ikkje minst er det sett av tid til planlegging/vidareføring/oppfølging av prosjekt for dei skulane/lærarane som er interesserte i det.

Kurshaldar
Ragnhild Vannebo er høgskolelektor i drama/teater, og arbeider med dette faget ved Høgskulen i Volda.

Praktiske opplysninger
Kursavgifta er kr 200,- pr deltakar, og inkluderer enkel lunsj begge dagane. Maks deltakartal er 40.

Første kursdag blir lagt til Nynorsk kultursentrum, Ivar Aasen-tunet, der det blir høve til omvising og enkel matservering. Viser elles til punktet om praktisk informasjon.

2. ANIMASJON
Med hjelp av enkelt videoutstyr skal kurset gjere deltakarane i stand til sjølve å kunne lage animasjonsfilm med barn og unge. Deltakarane skal arbeide med ulike animasjonsteknikkar som direkteanimasjon, enkel teiknefilm og objektanimasjon/pixilasjon. I grupper skal deltakarane lage ein ferdig liten animasjonsfilm der heile prosessen frå idé, manus/storyboard, opptak, animasjon og lydlegging er med.
Kurshaldar
Gunnar Strøm er førsteamanuensis i film ved Høgskulen i Volda. Han er ein internasjonal kjend fagperson og har m.a. gjort mykje for å profesjonalisere den norske animasjonsbransjen.

Praktiske opplysningar
Kursavgifta er kr 350,- pr deltakar og inkluderer enkel lunsj begge dagane.
Maks deltakartal er 15.
Utstyr vert halde av kursarrangøren.


3.AKTIV KUNSTFORMIDLING
Med utgangspunkt i ei konkret kunstutstilling, vil ein arbeide med ulike tilnærmingsmåtar til kunsten. Dette skal gi deltakarane erfaring med metodar som dei sjølve kan bruke i eiga undervisning seinare. Vi vil fokusere både på sansing og kunnskap som sentrale delar av opplevinga, og der barna/elevane får høve til å arbeide praktisk med eigne uttrykk i verkstadar i etterkant av kunst opplevingane. I tilknytning til det praktiske arbeidet, vil det bli vist til relevant teori og erfaring frå gjennomføring av liknande opplegg.

Kurshaldar
Sissel Midtlid er tilsett som høgskolelektor i forming ved Høgskulen i Volda.

Praktiske opplysninger
Kursvagifta er kr 350,- pr deltakar og inkluderer enkel lunsj begge dagane.Maks deltakartal er 15.


4. BRUK AV FILM OG VIDEO I SKULEN
Kurset vil starte med å gi ei grunnleggande innføring i filmfortellarteknikk og ulike virkemiddel innan film. Det blir teke utgangspunkt i kva som er mogleg å få til i skulekvardagen. Vidare vil det bli sett av tid til praktiske øvingar: Frå idè til ferdig film. Her vil ein fokusere på kamerateknikk, lyd og lys, opptak og redigering i kamera, lyddubbing og analog redigering mellom videokamera og videospelar. Det vil bli jobba ut frå det aktuelle utstyrsnivået som er i skulen, mao svært enkelt utstyr.

Kurshaldar
Ståle Hansen har vore kurshaldar for fleire kurs innan temaet film og video i skulen. Han er til dagleg tilsett som lærar ved Møre folkehøgskule i Ørsta.

Praktiske opplysningar
Kursavgifta er kr 350,- pr deltakar og inkluderer enkel lunsj begge dagane .
Maks deltakartal er 20.

Deltakarane tek med seg det utstyret som finst på deira skule.



5.FORTELLARVERKSTAD
Den munnlege fortellinga og framføringa av denne står i fokus for denne verkstaden. Her vil ein arbeide konkret med fortellingar for å øve seg i fortellarrolla. Samtidig vil ein gi deltakarane erfaring med metodar som dei sjølve kan bruke i samhandling med barn og unge. Kurset vil også introdusere fleire praktiske metodar som døme på korleis vi kan arbeide med fortelling i klasserommet. Fortellinga kan bli både eit samverssentrum, ei fellesoppleving, eit innspell i ein diskusjon og ei framføring på ulike nivå.

Kurshaldarar
Sigrun Meisingset og Marit Ulvund er høgskolelektorar i drama/teater, og begge arbeider med dette faget ved Høgskulen i Volda.

Praktiske opplysninger
Kursavgifta er kr 350,- pr deltakar og inkluderer enkel lunsj begge dagane.

Maks deltakartal er 20.

6.HIPHOP; DET STØRSTE UNGDOMSOPPRØRET SIDAN 1968
Kurset vil gi ei innføring i hiphopen sin historikk og filosofi (peace, love, unity and having fun). Kursdeltakarane blir gjort kjende med hiphopen sine fire element: RAP (rytmebasert rim til musikk), BREAKEDANCE (improvisert akrobatikk med røter frå Afrika), Djing (platespelar som instrument) og GRAFITTI (kreativt eller destruktivt?).
Kurset skal forsøke å gi ein betre forståing av klasserommet sin «badboy» anno 2001.

Kurshaldarar
DJ CORE le 1, som har jobba som miljøarbeidar/kulturarbeidar i 6 år, har eige plateselskap og er arrangør av den norske hiphopfestivalen, og T-FUZZ, som er rapper i «Gode ord dør sist» og spelar konsertar jamnleg over heile landet.

Praktiske opplysninger
Kursavgifta er kr 350,- pr deltakar og inkluderer enkel lunsj begge dagane.Maks deltakartal er 20.


7. RIM, REGLER, RAPP OG REGGAE
I dette kurset vil ein fokusere på å leike med rim og regler. Bruk av kropp og stemme ligg som eit viktig utgangspunkt i eit rytmisk skapande arbeid. Tekstane ligg som inspirasjon og ressurs for rytmiske komposisjonar. Her vert det rom for eksperimentering og intstrumentalt akkompagnement. Denne verkstaden er særleg retta mot arbeid på mellomsteget i grunnskulen.

Kurshaldar
Helge Hamsaas er høgskulelektor i musikk, og arbeider med dette faget ved Høgskulen i Volda.

Praktiske opplysninger
Kursvagifta er kr 350,- pr deltakar og inkluderer enkel lunsj begge dagane. Maks deltakartal er 15. Dei som har eigne instrument vert oppfordra til å ta med desse.

-----------------

PRAKTISKE OPPLYSINGAR

Påmeldingsskjema (pdf-format):
http://www.hivolda.no/melding/pm-skj-ku.pdf


Målgruppe
Kursa er primært tilrettelagt for lærarar i grunnskulen, SFO og i kulturskulane.

Kursval
Den som er interessert i å delta på eitt eller fleire av kursa, melder seg på med eit førsteval. På grunn av sjansen for mange påmeldingar til enkelte av kursa, må deltakarane prioritere minst to alternativ.

Påmelding til kursa skjer etter prinsippet ”først til mølla”. Dersom det blir lite påmelding til nokre av kursa, kjem dei ikkje i gang.

Lokale
Vi planlegg å legge alle kursa til lokala ved dei respektive høgskulane i Volda og Molde, med unntak av kurs 1 som første dag blir avvikla i Nynorsk kultursentrum, Ivar Aasen-tunet.

Det vil bli sendt ut deltakarbrev og meir detaljert informasjon om tidspunkt, frammøtestad og program for dei enkelte kursa medio oktober.

Pris
Norgesnettrådet, Statens lærarkurs, støtter desse kursa økonomisk. Det er derfor mogleg å halde ein låg deltakarpris pr kurs.

Kursavgift pr deltakar for kurs 1: Kr 200,-
Kursavgift pr deltakar for kursa 2–7: Kr 350,-

Overnatting
Dersom nokon treng overnatting, vil vi meir enn gjerne hjelpe til med å finne høvelege overnattingsstadar.

Påmelding og ev spørsmål
Kontoret for etter- og vidareutdanning (KEV) har administrativt ansvar for kursa. Spørsmål til KEV kan rettast på tlf. 70 70 53 15/18 eller e-post kev@hivolda.no.

Påmelding kan skje via post, faks eller e-post. Send påmeldinga di til:

Høgskulen i Volda,
KEV
Postboks 500
6101 VOLDA


eller til faksnr. 70 07 50 51.
Merk faksen med KULT-KURS.
Eller send den via e-post til kev@hivolda.no


Påmeldingsfrist: 1. oktober 2001


Del på