Det arabiske i det nynorske

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Det har kanskje aldri falle deg inn at det finst berøringspunkt mellom det arabiske og det nynorske? Da tek du feil. Kor grundig feil, det kan du finne ut om du melder deg på seminaret.

Seminaret skjer i samarbeid med Den norske UNESCO-kommisjonen. Det inngår i kommisjonens Dialog med arabisk sivilisasjon, som er det norske bidraget til UNESCO’s År for dialog mellom sivilisasjonane.

arabiske

Sjå brosjyre i PDF-format:
http://www.hivolda.no/melding/arabiske.pdf

Programmet ser slik ut:

Det arabiske i det nynorske

Seminar ved Ivar Aasen-instituttet, Høgskulen i Volda
Program

11.00 Helsing v/ rektor Gunnar Stave

11.15 Stephen J. Walton, IAaI: Edward Saids kulturimperialismeteori: Kva kan han brukast til?

11.45 Johannes Gjerdåker, Voss: Finst det ein nynorsk orientalisme? Om Alexander Seippel, Elias Blix, Jens Lindberg og andre

12.15 Ordskifte

12.30 Matøkt

13.15 Bjørn Olav Utvik, UiOslo: Frå Lars Oftedal til radikal islam: Finst det felles haldepunkt i den folkelege pietismen og i dagens radikale vekkingar i Midt-Austen?

13.45 Geir Skogseth, Utlendingsdirektoratet: Talemål og skriftmål: Om arabisk og norsk som ytterpunkt i eit kontinuum

14.15 Ordskifte

14.30 Kaffi

14.45 Knut S. Vikør, UiBergen: Då Abu al-Abbas al Araishi møtte Ahmad ibn Idris: Namn og identitet i arabisk tradisjon

15.15 Ivar Utne, UiBergen: Når folk skifter namn: Kva skjer i det intime språkmøtet når vi normerer framande namn på norsk?

15.45 Ordskifte

16.00 Elie Wardini, UiO: Fra tegn til symbol: Skrift og samfunn i Midt-Austen

16.30 Avsluttande ordskifte

Påmelding til Sylvi Gulla Hovdenakk sgh@hivolda.no

Seminaret er gratis

Del på