Dokumentarfilmfestivalen tiande gong 26.-30.april -06

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Frist for å sende inn filmar til Den Norske Dokumentarfilmfestivalen er 1. februar 2006. Nesten 60 filmar stod på festivalprogrammet i 2005, og vi har allereie fått inn nokre filmar til neste år, fortel Holen.

Styret_520

Det nyvalde styret for Den Norske Dokumentarfilmfestivalen 2006
Les meir om styret.

Dugnad
Festivalen blir arrangert på dugnad. Studentar ved Høgskulen i Volda står bak festivalen, med god støtte frå sponsorar og lokale krefter. På kva anna festival kostar festivalpasset ein fjerdedel av ein ordinær kinobillett? For 20 kroner får besøkande fem dagar til ende med god film, foredrag og møte om aktuelle tema, pitchar, konsertar og festivalmoro.

Prisar og statuettar
Tre prisar blir delte ut under festivalen; beste dokumentar, beste studentproduksjon og publikumsprisen. Vinnarane blir premierte med Flugeprisen, som har blitt ein tradisjon på Den Norske Dokumentarfilmfestivalen.  Statuettane er smidd og hamra ut i stål, og kvar fluge er unik.

Nyvald leiar
Leiar for festivalen, Gunhild Gjølstad Skarstein, er student ved dokumentarfilmlinja på høgskulen. 
- Vi gler oss til å ønskje velkomen til den tiande dokumentarfilmfestivalen i Volda, verdas vakraste filmfestival, seier ho i ei pressemelding.

Vi gled oss til Noreg sin største og eldste dokumentarfilmfestival!

Les meir på www.dokfilm.no - der er kontaktinformasjon for dei som vil ta del.



Del på