Etterutdanning i Klasse- og læringsleiing
Onsdag 20. november var rundt seksti lærarar frå Sjustjerna nok ein gong samla på Høgskulen i Volda. Tema for dagen: Korleis kan ein leie og fremje god læring gjennom ulike arbeidsformer i skulen?
Dette er den andre av i alt fire samlingar i etterutdanningssamarbeidet med Sjustjerna.
Høgskulelektorane i pedagogikk, Ellen Jåvold og Marit J. Øien Sæverud står som fagleg ansvarlege for kurset, og legg opp til eit kurs med teoretisk påfyll, erfaringsutveksling og konkrete arbeidsoppgåver mellom samlingane.