Fagseminar om mastergraden i spesialpedagogikk
Mastergruppa i spesialpedagogikk skal ha eit fagseminar på Høgskulen i Volda den 15 juni. Fagfolk, noverande og tidlegare studentar skal mellom anna evaluere dei erfaringane ein har gjort til no og sjå på kva utfordringar det spesialpedagogiske feltet og masterstudiet har framover.
På fagseminaret 15. juni skal fleire eksterne fagfolk halde innlegg. Dei 26 studentane som i løpet av desse fire åra har fullført masterstudiet, skal heidrast med tale og diplom.
- På fagseminaret skal vi evaluere det vi har gjort dei fire siste åra, seier Grete Dalhaug Berg ipedagoikksekjonen ved
Avdeling for lærarutdanning.
PROGRAM FOR FAGSEMINAR PÅ HØGSKULEN I VOLDA FREDAG 15 JUNI 2007
Kva erfaringar har vi gjort til no, og kva er utfordringane i det spesialpedagogiske feltet og for studiet?
KL 10.00. Velkomsthelsing
Kl 10.15. Professor Peder Haug: Kva slags spesialpedagogisk utdanning treng barnehagen, skulen og PPT? Tid til spørsmål/diskusjon
Kl 11.15. Lektor Susan Tetler, Danmarks pedagogiske universitet. Tid til spørsmål/diskusjon
Kl 12.15. Førstelektor Kari Nes, Høgskulen i Hedmark: Spesialpedagogikk som del av tilpasset opplæring.Tid til spørsmål/diskusjon
Kl 13.15 – 14.00 Lunsj
Kl 14.00 Studentinnlegg v/Master Aase Bjørg Alme
Kl 14.15 Studentinnlegg v/ Master Jo Ueland
Kl 14.30 pause
Kl 14.45 Innspel frå Utdanningsavdelinga
Kl 15.15 – 16.00 Spørsmål, kommentarar og innspel.
Kl 16.00 Heidring av studentar som har fullført masterstudiet.
Med atterhald om endringar.