Festivalkomponisten er klar

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Glenn Erik Haugland er ein norsk komponist frå Os i Hordaland. Han har i sitt profesjonelle virke lagt hovudvekt på musikkteater og elektroakustisk musikk. Haugland har komponert verk til blant anna Bergen Filharmoniske Orkester, Oslo Filharmoniske Orkester, Bergen Domkantori, Raschèr Saxofon Quartet, SISU slagverksensemble og Opera Omnia.

b6b257311e7ae3ef9463d9bb90748b0d

I 2004 blei Glenn Erik Haugland nominert til Nordisk råds musikkpris for kammeroperaen Hulda og Garborg. I 2007 ble han ble tildelt Fartein Valen-stipendet. Han har komponert Rebekka til Den Norske Opera, med urframføring høsten 2007.

Litt om programmet

Sunnmøre kammermusikkfestival vil, som i tidlegare år, bygge programmet rundt det ein kan kalle det sengtraleuropeiske kjernerepertoaret innan kammermusikk. Festivalleiinga vil også ha eit auge for jubileum og konseptuelle grep som kan gje publikum spennande møte med mindre kjent musikk. 

5614f5d01a340d28540f41201b3bcae0

Fiolinisten Annar Follesø utgjer saman med Wolfgang Plagge den kunstnarlege leiinga for festivalen.

– Det endelege programmet for årets festival er ikkje ferdig enno, men nokre programpostar er alt på plass. I 2016 er det 100 år sidan Henri Dutilleux vart fødd. Vi vil difor nytte høvet til å presentere litt av den vakre og komplekse musikken hans, mellom anna «Deux sonnets de Jean Cassou» og «Trois strophes sur le nom de Sacher», seier kunstnarleg ansvarleg Wolfgang Plagge.

I år er det også 150 år sidan Feruccio Busonis fødsel, noko som Sunnmøre kammermusikkfestival vil markere ved å sette opp hans meisterlege 2. fiolinsonate på programmet. 

Konsertar i fleire kommunar på Sunnmøre

– Under festivalen i fjor hadde vi for første gong ein konsert i det nye konserthuset i Fosnavåg. Det vart ein stor suksess, og konserthusets flotte akustikk samt eit nytt og svært godt Steinway-flygel var med på å skape ei inspirerande ramme rundt konserten. Vi vil fortsette med dette samarbeidet i 2016. Som før vil festivalen i tillegg arrangere konsertar på Høgskulen i Volda, i Ørsta kyrkje og i Ulsteinvik, seier Plagge.  

f5c34ed0d5a900173e81038c40b0c1ab

Wolfgang Plagge.

– Det blir som vanleg avslutningskonsert i Volda kyrkje der festivalmusikarane samarbeider med lokale kor- og orkesterkrefter frå regionen, seier Wolfgang Plagge.

bfe14931c0570a99729b61aa4adb2acf

Frå avslutningskonserten i Volda kyrkje. Her samarbeider lokale kor- og orkesterkrefter med festivalmusikarane.  

Frå konserten i Fredheim 2015

Beuer og Quentin frå Ørsta kyrkje 2015

Del på