Festivalorkester med utspring frå høgskulen

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Festivalkoret og orkesteret vil i perioden fram til festivalveka 2. – 5. mai øve på materialet kvar for seg. Frå tysdag 30. april skal det under leiing av dirigent Per Kristian Skalstad jobbast intenst ei veke for å blankpusse repertoaret.

ff1d1de582c7be171287184705d618eedd1fa3e3

Festivalkor og orkester under ein konsert i Volda kyrkje (arkivfoto).

Sunnmøre kammermusikkfestival

I dagane 2. – 4. mai skal det haldast fem konsertar i Volda, Ørsta, Ulstein og Herøy. Konsertane vil bli haldne på Høgskulen i Volda, i Ørsta kyrkje, Volda kyrkje, «Fredheim» i Ulsteinvik og i Herøy frikyrkje. Festivalen vil bli avslutta med ein stor konsert i Volda kyrkje.

Les meir om symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda.

Del på