Fjella sitt år

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

- Vi har påmeldingslistene klare og opplever ein auke på heile 20% i antal påmelde frå i fjor. Det har faktisk vore naudsynt å setje opp ei venteliste, på grunn av kapasitetsvanskar, seier Rune Krumsvik, fagleg leiar for Kurs- og vinteraktivitetsveka. Interessa er med andre ord stor og det er gledeleg.

Krumsvik2
"Det er positivt å registrere at mange deltakarar kjem igjen år etter år og at fleire skuleungdomar og familiar enn før tek del under dette prosjektet," seier Rune Krumsvik.


- Den relative store auken i påmeldinga i år i høve til i fjor, kan kanskje skuldast ein "OL-effekt" og at år 2002 er det FN-erklærte "Fjella sitt år", seier Krumsvik. Vi må heilt tilbake til 1996 for å finne liknande påmeldingstal. 100 deltakarar er påmelde og saman med omlag 80 hjelparar og 90 instruktørar, vil vi bli 270 personar i aktivitet under Kurs- og vinteraktivitetsveka 2002.


vintera1


Fysisk praksisopplæring
Kursveka er eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda og Idrettens Studieforbund i Møre og Romsdal. I tillegg er Møre Folkehøgskule ein god samarbeidspartnar. Målgruppa erdeltakarar med eit særskilt behov for tilpassa fysisk opplæring og skuleungdom. Og målet med denne kursveka i tilpassa fysisk opplæring, er å gje deltakarane eit innhaldsrikt og godt fagleg opplegg retta mot deira ulike hjelpebehov. Dette freistar ein å ivareta gjennom eit vidt spekter av idretts- og friluftslivsaktivitetar. Små kursgrupper med 1-2 deltakarar pr. instruktør er også eitt av tiltaka som set deltakaren i sentrum.


vintera2

Aktivitetsveka er også ein viktig del av kroppsøvings- og allmennlærarstudentane ved HVO si praksisopplæring. I den "nye" lærarutdanninga (LU 98) har tilpassa opplæring fått ein viktig plass. Også i L-97 ser ein at dette emnet har ein sentral plass, og framtidige lærarar vil møte mange utfordringar på denne arenaen i skulen. Såleis er denne praksisen svært viktig for å kunne gje desse studentane eit fullverdig praksistilbod, slik at dei kan møte desse utfordringane med ein viss "ballast" når dei skal ut i yrkeslivet.

Les meir om Kurs- og vinteraktivitetsveka på : http://www.hivolda.no/kva.no



Del på