Fløgstad-forelesing

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Bokbad i Aasen-tunet
Seinare på kvelden får vi møte Fløgstad i bokbad i Aasen-tunet. (Sjå annonse i lokalpressa.)

Om forfattaren
Kjartan Fløgstad, fødd i 1944 i industristaden Sauda, er ein av dei mest sentrale og særmerkte norske forfattarane i vår tid. Han debuterte som lyrikar, men fekk sitt store gjennombrot med romanen Dalen Portland (1977), som han fekk Nordisk Råds litteraturpris for. Fløgstads forfattarskap er påverka av den latinamerikanske magiske realismen, han sameinar poesi og sosial satire, folkeleg forteljekunst og store kunnskapar. Fløgstad har også eit omfattande sakprosaforfattarskap og er ein av våre fremste essayistar. Bøkene hans er omsette til mange språk.

I 1988 gav Fløgstad ut Portrett av eit magisk liv – Poeten Claes Gill. I 1994 kom boka i ny og utvida utgåve, etter at nytt materiale var gjort tilgjengeleg. Biografien vekte debatt, og både arbeidet med boka og debatten som følgde dannar bakgrunn for forelesinga.

Del på