Flott start for Språkpakken

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Høgskulen i Volda har ansvaret for gjennomføring av Språkpakken 2007. Språkpakken er eit kompetansehevingsprogram innan Kunnskapsløftet om språkutvikling og språkvanskar hos barn og unge.

Irene Bele er fagleg ansvarleg for kursopplegget. Ho har knytt til seg erfarne fagfolk frå praksisfeltet i Møre og Romsdal. -Samarbeidet mellom Høgskulen og praksisfeltet er til gjensidig nytte og avgjerande for at ideane i Språkpakken skal bli godt forankra i fylket seier Bele.

Kontoret for etter-og vidareutdanning har ansvaret for den tekniske gjennomføringa av Språkpakken.

Kurset er eit 5 dagars kursopplegg om språkutvikling og språkvanskar som Bredtvet kompetansesenter har utarbeidd på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. Kompetansehevingsprogrammet er ein del av Kunnskapsløftet og dei to nasjonale strategiplanane "Gi rom for lesing!" og "Likeverdig opplæring i praksis".

Språkpakken vart gjennomført i 2006 med til saman 206 deltakarar som var innom kurset i Møre og Romsdal.


Les meir om Språkpakken 2007

Del på