Frå ”ingenting” til veldig langt på fire dagar…

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Etter at resten av deltakarane på Prøvekluten hadde pakka saman og reist kvar til sitt, møttest Teater Joker, i høvet sett saman av regissør Niels Peter Underland, dukkemakar Ragnhild Gjems og skodespelarane Kari Ramnefjell, Haakon Strøm og Nils Petter Mørland med eitt for auget: Å få gjort mest mogleg på kortast mogleg tid!

- Ein kan godt seie at vi har leika oss fram til ei framsyning på 45 minutt, men som på langt nær er ferdig, forklarte regissøren.

Dukkene til Ragnhild Gjems var førebels små kopiar forma i leire og plastilina, men skal etter planen verte ein meter høge, mjuke og med handtak i ryggen. Enn så lenge fungerte det glimrande med avlagde sekkar og ein sovepose…

Proveklut_Joker 

Oppsetjinga er basert på boka om Trillefolket av Tore Renberg. Ei djupt filosofisk barnebok om eit rundt og kvikt folk utan hals og små armar, som tek opp nokre av dei viktigaste spørsmåla vi som menneske kan stille oss. 

 - Etter å ha snakka med mange born på tidlegare turnear har vi erfart at born er opptekne av tema som einsemd og det å vere åleine. Forteljinga om Trillefolket er sterk og viktig historie å fortelje, meiner Kari Ramnefjell i Teater Joker. 

19. oktober er det premiere på Black Box Teater i Oslo, deretter skal oppsetjinga på turne for Den kulturelle skulesekken i Vest- Agder og Sogn og Fjordane. Målgruppa er småskulen, og er tenkt å vere ein del av Teater Joker sitt repertoar i fleire år.

Proveklut_Underland

 

Regissør Niels Peter Underland i samtale med Marit Ulvund frå drama ved avdeling for lærarutdanning ved Høgskulen i Volda.

Proveklut_Joker2
Teater Joker ved Nils Petter Mørland, Haakon Strøm og Kari Ramnefjell

Del på