Full dekning på Helsepedagogikk og pasientinformasjon

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Eg har pedagogikk grunnfag og bakgrunn med arbeid frå undervisning, så dette var midt i blinken for meg, fortel Ingeborg Berge. Som sjukepleiar ved Rikshospitalet er ho involvert i eit prosjekt rundt helsepedagogikk og pasientinformasjon, og fekk full dekning frå arbeidsgjevaren til å ta del i studiet.

1062661993

Stor interesse
- Vi er svært nøgde med at så mange har vist interessere for studiet, sa studiekonsulent og høgskulelektor Nils Magerøy ved Avdeling for samfunnsfag ved Høgskulen i Volda. Han ynskte studentane velkomne ved første samlinga torsdag denne veka.

1062662125
- Studiekonsulent Nils Magerøy under opninga torsdag.

Mastergradsnivå
Studiet er basert på undervisningssamlingar i Volda, og lagt opp som vidareutdanning eller som ein del av ein mastergrad (300 nivå). Med 15 studiepoeng i emnet Den kommuniserande helsetenesta og 15 studiepoeng i emnet Opplæring og informasjon til pasientar og pårørande.

1062662397

Møter krav og ynskje frå næringa
- Gjennom dei endringane som helsevesenet no står framfor såg høgskulen eit klart behov for og utvikla dette fagområdet, opna Jacob Kjøde jr., styreleiar i Helse Sunnmøre og direktør ved Høgskulen i Volda.
- Vi ønskjer å gi helsearbeidarar eit godt grunnlag til å møte dei krava og ønska om meir og betre informasjon og opplæring som vil kome frå brukarar av helsetenester i åra framover, understreka Kjøde jr.

Les meir

Del på