Glimt frå Kaarstadfestivalen
Kaarstadfestivalen 2016 er godt i gjenge, og i dag kunne ein få med seg ei rekkje konsertar på Rokken og i konsertsalen i Kaarstad-huset. Dei kunstinteresserte kune få med seg utstillingane på Maurtua og i ulike bygg på campus.
Kunstutstillingar
Under heile festivalveka kan publikum sjå utstilte fotografi og kunst på Maurtua og i ulike hus på campus.
Dekan Aud Folkestad ved Avdeling for kulturfag opna kunstutstillinga på Maurtua og årets Kaarstadfestival måndag kl. 18.00.
Her ser vi avsluttande bachelorstudentar frå kunst og handverk og nyslåtte faglærarar ved faglærarutdanninga i formgiving, kunst og handverk saman med nokre av lærarane sine.
Frå utstillinga "Objekt i rom" i Brakketun.
Frå utstillinga "Objekt i rom" i Brakketun.
I Henrik Kaarstad-huset viser Matias Myklebust med fleire bilde frå idrett og friluftsliv.
Konsertar
Tysdag braka det laust med sju konsertar på ROKKEN og i konsertsalen i Kaarstad-huset. Under er nokre glimt frå denne spennande og rikhaldige kvelden.
Elisabeth Anundsen med band framførte mange perler frå ulike musikalar.
Petter Magnus Berg med musikk av Jonathan Coulton.
Funky frå Per Tore Gisletveit med band.
Blåserekka "Heilt blåst".
Frå teatersalen.
Les meir om Kaarstadfestivalen, program m.m.