Hiroshima: Konsert og utstilling

Onsdag kl 18.00 opna dørene i Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda for ei utstilling oversendt frå fredsmuseet i Hiroshima. Elevar ved skulane Øyra og Bratteberg og studentar har bretta bretta tusen papirtranar som også blir utstilt. Kvelden heldt fram med konsert der japanske musikarar spelte saman med Magnar Aam og Volda Vokal i Volda kyrkje kl. 20.00.

Dette markerer opninga av hektiske dagar med utstilling, konsert, seminar og animasjonsfilmfestival i Volda. Alt med felles tema: Japan, Hiroshima og atombomba.

I kveld blir det konsert der den lokale gruppa Quest speler saman med Asian Wings på Rokken kl 21.00.

Les meir om seminaret på www.hivolda.no/hiroshima og sjå Dagbladet sitt intervju med ein av bidragsytarane på konferansen, Miyoko Matsubara. Vel møtt! 

Utstilling
Faglærar på Kunst og handverk, Sissel Midtlid og studentane Kamila Burianova og Zuzana Vesela jobba i ettermiddag med å legge siste hand på installasjonen som inneheld tusen tranar bretta av elevar på Øyra- og Bratteberg skule og studentar ved Høgskulen i Volda.

Del på: