Historisk institutt arrangerer nasjonalt historikarseminar

Tekst: Webmaster Volda

Mediehistorie og skriftkultur

Sesjonen ”Mediehistorie og skriftkultur” vert avvikla i BK-vesle aud. kl. 12.00-14.00. Alle interesserte er hjarteleg velkomne, seier Kari Hasle, ein av dei sesjonsansvarlege. Nokre av dei fremste norske mediehistorikarane og skriftkulturforskarane vil ta del. Henrik G. Bastiansen, Jostein Fet, Aase Norunn Digernes og Arne Apelseth held innlegg.

Mediehistorie og skriftkultur som emneområde har nære relasjonar, og begge har etterkvart utvikla ei sterk tverrfagleg orientering. Likevel vert emneområda sjeldan formidla i ein samanheng. – Dette kan ha fleire forklaringar, seier Hasle. Mangelen på tverrfaglege ”møtestader” og ulike fagtradisjonar kan vere nokre. - Ved å samle mediehistorikarar og skriftkulturforskarar i ein og same sal, vil vi i ein avsluttande paneldebatt utfordre deltakarane til å reflektere over desse utfordringane med utgangspunkt i ulike forskingstradisjonar: Kva nytte har vi av tverrfagleg orientering og korleis vurderer deltakarane framtida for fagleg utveksling mellom mediehistorie og skriftkultur? Med denne sesjonen ønskjer vi å kunne stimulere til auka tverrfagleg perspektivering både i undervisning- og forskingssamanheng, seier Hasle.

Årets høgdepunkt

Seminarprogrammet er elles særs variert. Hovudemnet er «Møte mellom kulturar», der vi ser på to deltema: 1) Tilhøvet mellom USA og Vest-Europa og 2) Kulturelle møte i mellomalder og tidleg nytid. Vidare er det 10 tematiske delsesjonar (som delvis går parallelt) og ein sesjon med frie foredrag. Laurdag 24. april blir det avvikla tre ekskursjonar, alle med båt: til Volda–Ørsta, til Giske og Borgundgavlen og til Langevågen og Devold-museet.

HIFO-seminaret er årets høgdepunkt for historikarmiljøet i Noreg. Her møtest kollegaer frå alle universitet og høgskular, lærarar i grunn- og vidaregåande skular, museumsfolk, arkivarar og ei rad oppdrags­forskarar for å utveksle faglege synspunkt på, og debattere, aktuelle historiefaglege spørsmål. Debattane går friskt, både i samband med det formelle programmet og i meir uformelle og sosiale samanhengar utover kveldane…

Under årets hovudsesjon er særleg første del – om forholdet mellom USA og Vest-Europa – uvanleg dagsaktuell. Men elles spenner programmet emnemessig over heile «historisk tid»: frå tidleg mellomalder til i dag, over store delar av verda: frå Latin-Amerika til Borgund-kaupstaden og over tema frå «menneske utan fast bustad i mellomalderen» til «Norsk Hydro og satsinga på aluminium». Det er m.a.o. noko for dei aller fleste som er interessert i historie.

Hovudsesjonen fredag ettermiddag, der temaer er «Møte mellom kulturar», har desse innleiarane:

Deltema 1 Forholdet mellom USA og Vest-Europa:Jan Eivind Myhre: Innleiing. Gro Hagemann: Norsk nyfeminisme – amerikansk import? Karl Kleve og Stian Larsen: Alliansesamarbeid og nøytralisme: To sider ved Norges forhold til USA under den kalde krigen. Astrid Forland: Ei lov for Loke og ei for Tor? Amerikansk, britisk, vest-tysk og fransk politikk under framforhandlinga av traktaten om ikkje-spreiing av atomvåpen.

Deltema 2 Kulturelle møte i mellomalder og tidleg nytid.Erik Opsal: Utenlandske ombudsmenn og innenlandsk befolkning i Norden i seinmiddelalderen – en uunngåelig konflikt? Bård Frydenlund og Ola Teige: Kulturmøter i Christiania under eneveldet (1660-1814). Politiske og sosiale strategier for innvandrede embets- og kjøpmannstjenere. Marlen Ferrier: Middelaldersamfunnet: Emosjonelle kulturer i konflikt

Om kvelden er det middag med påfølgjane byvandring med Harald Grytten.

Laurdag 24. april er det altså 3 ekskursjonar på føremiddagen, og så desse delsesjonane:

A (på Sunnmøre museum): Mellomaldertema:  A. Giskegodset, B.Jordeigedoms­tilhøve i sein­mellomalder. Delsesjonsansvarleg: Tore Hermundsson Vigerust, Oslo

B (på Høgskulen i Volda): Mediehistorie og skriftkultur. Delsesjonsansvarlege: Kari Hasle, Volda og Leidulv Melve, Bergen

Dei resterande delsesjonane laurdag går føre seg på Radisson SAS-hotellet i Ålesund:

C: Konsernbygging, kompetanse og konkurranse. Norsk industri etter ca 1970. Delsesjonsansvarlig: Pål T. Sandvik

D: Kva er meininga med historiefaget? Delsesjonsansvarleg: Ola Svein Stugu, Trondheim

E: Forsking i museumsetaten under ABM-prosjektet. Delsesjonsansvarleg: Gunnar Andenes, Volda

F: Identitet og modernitet i Latin-Amerika. Delsesjonsansvarlig: Morten Løtveit, Volda

G: Publisering i historiefaget. Delsesjonsansvarlig: Vera Schwach, Oslo

Laurdagskvelden er det først årsmøte i HIFO, deretter festmiddag på Fjellstua, der Terri Senior, Ålesund, vil halde festtalen.

Sundag 25. april held seminaret fram med desse delsesjonane:

H: Historie og formidling. Delsesjonsansvarlig: Arnljot Løseth, Volda

I: Marginale grupper i middelaldersamfunnet. Norge og Norden mot en europeisk bakgrunn. Delsesjonsansvarlig: Merete Røskaft, Trondheim

J: Nettverksmøte kvinnehistorie: Kvinne- og kjønnshistorie – feltets utvikling og status i dag. Delsesjonsansvarlig: Hilde Inntjore, Kristiansand

Frie foredrag: Delsesjonsansvarleg: Atle Døssland, Volda.

Avsluttingsforedrag: Grete Brochmann: Nasjonsbygging og citizenship i ’det flerkulturelle Norge’.

Organisasjonskomiteen for seminaret består av: Bjørn Jonsson Dale og Jarle Sulebust, Ålesund; Eldar Høidal, Straumgjerde; Brynjulv Gjerdåker, Arnljot Løseth, Arnfinn Kjelland, Reidun Høydal, Kari Hasle, Atle Døssland, Harald Tafjord, Jens Johan Hyvik, Gunnar Andenes, Aase Digernes, alle Volda.

Del på