Høgskulekoret: 100 år med Broadway

Tekst: Webmaster Volda

Mykje av musikken er amerikansk. Komponistar som m.a. Cole Porter og Richard Rodgers er representerte. Mange av jazzen sine standardlåtar har opphav som musikal-melodiar. Fleire slike blir å høyre. Men ein er også innom både country & western og diverse andre sjangrar. Den europeiske delen av musikal-repertoaret er representert ved m.a. Andrew Lloydd Webber.

 

broadway-melding

 

Høgskulekoret hentar denne gongen alle solistar frå eigne rekkjer. Eit orkester med i alt åtte musikarar, også desse musikkstudentar, vil syte for drivande og flott akkompagnement. Sett av ein liten time tysdag eller onsdag og få med deg litt Broadway-stemning!

Tysdag 08.og onsdag 09.mai kl. 20.00
Bill: kr 100,-

Programleiar: Janne M. G. Skarstein
Dirigent: Leif Barmen

Auditorium ABC (Kaarstad-huset)

 

Del på