Høgskulen som arrangør for Språkpakken i Molde

Måndag og tysdag har Høgskulen i Volda samla pedagogar og helsesøstre frå heile fylket til ei ny storsamling på Hotell Alexandra i Molde. Over to hundre deltakarar som til dagleg jobbar med barn og unge frå barnehagar, grunnskule og vidaregåande skule har i to hektiske dagar fått innføring i ulike typer observasjons- og kartleggingsmateriell. Målet er å kunne gi betre tilbod om tilpassa opplæring for elevar som strever med språk og lesing.

Rinde_Bele

Monica Rinde og Irene Bele

- Det er ei fryd å ha så engasjerte kursdeltakarar, seier Irene Bele, førsteammanuensis ved Høgskulen i Volda og fagleg ansvarleg for Språkpakken i Møre og Romsdal.
- Vi har etablert ei regional ressursgruppe som tek aktivt del i gjennomføringa. Dette sikrar at vi styrker kompetansen i fylket. Denne måten å organisere Språkpakken på, med ei ressursgruppe som samarbeider med ein regional høgskule, er unik i landssamanheng og har fungert kjempegodt, seier Bele.

I tillegg til Åshild Gjermundrød, Mariann Kjenstadbakk, Monica Rinde, Randi Skjevling, Hilde Toven og Irene Bele, som utgjer den regionale kompetansegruppa har Språkpakken også hatt samarbeid med - og forelesarar frå Bredtvedt Kompetansesenter.

Vigdis Refsahl ga ein innføring i dynamisk kartlegging: Ein arbeidsmåte for å kartlegge eleven sine potensiale for utvikling, medan May-Britt Monsrud kunne fortelje om dynamisk kartlegging av barn frå språklege minoritetar.

Monsrud ironiserte over definisjonen av ein ekspert: Ein som kjem med fly frå Oslo, og skrytte samstundes av at vi i Møre og Romsdal har tatt tak i Språkpakken, og medvite har satsa på å bygge kompetansen i fylket.

Dette er andre og tredje kursdag i ei rekke på fem.
Neste og siste samling i kursrekka vil finne stad i Ålesund den 15. og 16. oktober.

Meir om Språkpakken: www.hivolda.no/sprakpakka

Bilde-005

Del på: