Høgskulen i Volda på Rett veg
Per Tronsmo, direktør for organisasjons- og medarbeiderutvikling i Utdanningsdirektoratet, opna i dag tidleg konferansen På rett veg? -tilpassa opplæring, vurdering og leiing i Kunnskapsløftet. Konferansen er eit samarbeid mellom Utdanningsdirektoratet og Høgskulen i Volda.
Med over 250 deltakarar tyder det på at programmet har truffe godt for ulike leiarar innanfor utdannings- og oppvekstsektoren. På programet står mellom anna førsteamanuensis ved Høgskolen i Agder, Gjert Langfeldt, som diskuterer leiarrolla i Kunnskapsløftet, professor ved Høgskulen i Volda, Peder Haug, som ser på konsekvensar av Kunnskapsløftet for tilpassa opplæring og professor ved Pedagogisk Forskningsinstitutt ved Universitetet i Oslo, Erling Lars Dale, som tek for seg utfordringar med elevvurdering i samband med Kunnskapsløftet og tilpassa opplæring. I tillegg til desse drevne foredargshaldarane får deltakarane presentert døme frå regionale skular som har jobba aktivt med ulike prosjekt for skuleutvikling.
Konferansen går over to dagar: 10. og 11. mai.
Les meir på www.hivolda.no/rettveg