Høgskulestudentar med eigne komposisjonar
På opningskonserten til Sunnmøre kammermusikkfestival får tre studentar ved Høgskulen i Volda framført eigne verk. Beverlyne Wanjala, Hildur Sandstad Dalen og Elise Sandøy Skarstein studerer intuitiv komposisjon, improvisasjon og musikkfilosofi under fagleg leiing av komponisten Magnar Åm.
– Eg gler meg veldig til å få høyre stykket mitt framført av ein strykekvartett med profesjonelle musikarar på opningskonserten 3. september, seier HVO-student Hildur Sandstad Dalen som til vanleg underviser på musikklina ved Volda vidaregåande skule.