Høgtidleg doktordisputas ved Høgskulen i Volda

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Torill Mortensen var tydleg godt budd då ho kom, fremst i prosesjonen, inn i Store auditorium ved Høgskulen i Volda fredag. Dr. Stuart Moulthrop frå University of Baltimore innleidde sin disputt med å seie at avhandlinga var den første i verda som tok så grundig føre segdataspel på veven og denne fantasikulturen så grundig.

 

Dr. T.L. Taylor frå Københavns Universitet var andre opponenten under disputasseremonien ved Høgskulen i Volda, som var leidd av dekanus Vigdis Songe-Møller frå UiB.

 

1063369597
Torill Mortensen (t.h.) fekk mykje skryt av Dr. Moulthorpe (t.v.) etter doktorgradssdisputasen i Volda

 

Bachelor i dataspel?

- I området rundt Baltimore har det vekse opp ein kultur og ein forholdsvis stor industri rundt produksjon av dataspel av ulike typar, fortalde Moulthorp.

- Vi er i ferd med å byggje opp ei eiga bachelorgrad i dataspel, som skal fø den veksande industrien med godt spesialisert personell, røpa han.

 

- Arbeid som det Mortensen gjer er svært viktig i slike samanhangar, og er med på å danne eit viktig grunnlag for alle som arbeider i feltet, understreka han.

 

1063369713
Dekanus Vigdis Songe-Møller frå UiB

 

Strålande seremoni

- Vi synast det er flott å desentralisere disputasar på denne måten, sa dekanus Vigdis Songe-Møller ved HF-faktultetet ved UiB, og la til at det hadde vore diskutert litt fram og attende ved faktultetet.

 

- Det er litt dyrare for oss, men det er fint ved høve som dette. Eg synast det var ein strålande seremoni, utrykte ho.

 

Disputasen er den fyrste som er halden ved Høgskulen i Volda.

- Det er ei stor hending for Høgskulen i Volda også, kommenterte rektor Gunnar Stave og uttrykte at høgskulen var svært stolte over å ha ressurspersonar som Torill Mortensen ved høgskulen.

Del på