innOvata dansar tango!

Tekst: Webmaster Volda

egget525

Som ein forsmak på kva vi har i vente i åra som kjem, vitjar Bergen Unge Kammerorkester Volda komande laurdag. Dei ønskjer å støtte Egget med ein særeigna tango-konsert i Volda kyrkje! Billettinntektene går direkte til Egget.

Konserten er ein forsmak på noko av det vi kan oppleve når konsertsalen Egget kjem i bruk. Ressursar som dei vi får høyre her, er det meininga også kan nyttast i HVO sitt kulturproduksjonssenter når dei likevel er her. Konserten er også ein forsmak på at Bergen Filharmoniske Orkester ("Harmonien") i framtida ønskjer Egget og innOvata som fast konsertarena for fleire årlege abonnementskonsertar.

Så kvifor ikkje stille mannjamnt opp i kyrkja førstkomande laurdag og gi sitt bidrag til realiseringa av innOvata, og samstundes få ei fin og klangfull avslutning på haustferien.

arr.

Del på