Internasjonalt seminar om kriminalitetsførebygging og planlegging

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Det faglege miljøet ved Høgskulen i Volda veg tungt, og arrangerer eit internasjonal seminar som betyr mykje for Volda som ressursknutepunkt. Fagmiljøet har gjort ein imponerande jobb for å få ei slik konferanse til Volda, kommenterer Eirik Bech, marknadskonsulent ved Kontor for etter- og vidareutdanning ved Høgskulen i Volda.

- Dei siste åra har kriminalitetsførebygging vorte eit viktig satsingsområde i Noreg. Dette kjem mellom anna til utrykk gjennom målretta satsing på å førebygge ungdomskriminalitet, og myndigheitene følgjer opp gjennom nye prosjekt innanfor skule, fritid og nærmiljø, fortel Bech.

Internasjonale ressursar

Vi har vi invitert to internasjonale kapasitetar til konferansen 2. og 3. mars. Ass. prof. Richard H. Schneider frå University of Florida og professor Ted Kitchen frå Sheffield Hallam University i England kjem til Volda. Dei to forelesarane har i ei årrekkje arbeidet med forholdet mellom kriminalitetsforebygging og planlegging, og gav i 2002 ut boken Planning for Crime Prevention.

Les meir

Del på