Konferanse: Kyrkjeleg undervisning og utd.
Endringar i forholdet mellom folk, kyrkje og sentrale offentlege instansar gjer spørsmåla omkring kyrkjeleg undervisning og utdanning avgjerande viktige. Statsråd Svarstad Haugland vil vere blant forelesarane i Volda 23.-24. september 2002.
Kyrkjeleg utdanning i eit kyrkjehistorisk epokeskifte
Det kan lyda som ein klisjé å seia at kyrkja står framfor store utfordringar no i starten av det andre tusenåret sitt her i landet. Likevel er dette ei erkjenning vi treng å ta innover oss.
Når det knakar i statskyrkjesystemet og fenomenet folkekyrkje synest å vera ein visnande realitet, er det verkeleg tale om epokale kyrkjehistoriske endringar. Eit svært sentralt moment i dette omskiftet er det faktum at den kyrkjeleg-konfesjonelle kristendomsopplæringa i grunnskulen no er bytt ut med ei meir allmenn religions- og livssynsundervisning, og det utan at kyrkja har fått på beina ei fullverdig erstatning for eiga rekning.
I ein kyrkjesituasjon som er så sterkt prega av djuptgripande endringar i forholdet mellom folk, kyrkje og sentrale offentlege instansar, blir altså spørsmåla omkring kyrkjeleg undervisning og utdanning avgjerande viktige. På denne bakgrunnen – og utfrå eigne erfaringar med kyrkjeleg utdanning gjennom snart 30 år – inviterer Høgskulen i Volda både sentrale kyrkjelege instansar og aktuelle utdanningsinstitusjonar til ein konferanse om denne tematikken 23.-24. september 2002.
PROGRAM (revidert 29.08.02)
Stad: Store aud. i Berte Kanutte-huset, 1. et.
Måndag 23.09.02
Møteleiar: Instituttleiar Arne Redse
12.00 – 12.30: Opning v/ Rektor Gunnar Stave
12.30 – 13.30: Lunsj
13.30 – 14.15: Foredrag
Generalsekretær Nils-Tore Andersen (Misjonsalliansen):
Dåpsopplæring i praksis - ideal og realitetar
14.15 – 14.45: Samtale
14.45 – 15.00: Pause m/ kaffe
15.00 – 15.45: Foredrag
Direktør Frank Grimstad (Kirkens arbeidsgiverorganisasjon):
Dåpslærarens/kateketens kompetanse - frå eit arbeidsgjevarperspektiv.
15.45 – 16.15: Samtale
16.15 – 16.45: Pause m/ kaffe og wienerbrød
16.45 – 17.15: Prosjektet Ungdom –tjeneste - utdanning
Daglig leder Sverre Kragset (Ullensaker prestegjeld):
En ny rekrutteringsstrategi. Orientering om UTU-prosjektet
17.15 – 17.45: Samtale
19.30: Middag på Aasen-tunet. Sosialt samvær
Tirsdag 24.09.02
Møteleiar: Amanuensis Jan Ove Ulstein
08.45 – 09.15:Foredrag
Dekanus Torrey Seland:
Kyrkjeleg utdanning i Volda. Historikk og aktuelle utfordringar
09.15 – 10.00: Foredrag
Instituttstyrer Erling Birkedal (IKO):
Konfirmantopplæring og ungdomskultur. Open forelesning
10.00 – 10.15: Pause m/ kaffe
10.15 – 11.00: Foredrag
Assisterende direktør Gerd Karin Røsæg (Kirkerådet):
Den kyrkjeleg arbeidsmarknaden I: Rekruttering av kateketar og dåpslærarar
11.00 – 11.45: Foredrag
Generalsekretær Helga Byfuglien (Norges KFUK/M):
Den kyrkjelege arbeidsmarknaden II: Rekruttering til leiing og undervisning i det frivillige organisasjonsarbeidet
11.45 – 12.45: Lunsj
12.45 – 13.30: Foredrag
Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland:
Dåpsopplæring i Den norske kyrkja - målsetting og realisering
13.30 – 14.00: Samtale
14.00 – 15.30: Paneldebatt
Tema: Kyrkjeleg ansvar for kyrkjeleg utdanning.
Panel:
Valgerd Svarstad Haugland
Nils-Tore Andersen
Gerd Karin Røsæg
Odd Bondevik
I repr. for Søndagskoleforbundet
Ordstyrar: professor Per M. Aadnanes
15.30: Avslutning
Instituttleiar Arne Redse