Konferanse om dilemma i dagens helseleiing

Høgskulen i Volda, saman med høgskulane i Ålesund og Molde inviterer til dagsseminar 15. januar med programdirektør for helseuniversitetet, Per Kristian Vareide. Han vil mellom anna ta opp temaet om tilrettelegging for eit heilheitleg leiaransvar i sjukehusa.

- Den sentrale ledelsesutfordringen i krysspresset mellom "pengene", "pasientene" og "profesjonene" vil være å vinne autoritet, legitimitet og tillit også på de områder som til nå har vært dominert av helseprofesjonene, seier Vareide.

Konferansen vil finne stad ved Høgskolen i Ålesund, "Fogdegården" 15. januar klokka 10.00 - 13.00.
Meir informasjon og påmelding

Del på: