Kriminalitetsførebygging
Politisk rådgjevar i Justis- og politidept. Marit Helene Meyer kjem hit i dag og vil halde eit ope foredrag om "Regjeringen sin politikk på det kriminalitetsforebyggende området". Stad: Vesle aud. i Berte Kanutte-huset. Tid: 12.15 - 13.30<br>
Forelesinga markerer opninga av studiet "Kriminalitetsførebygging i eit samfunnsplanleggingsperspektiv".
HVO er åleine i landet om eit slikt tilbod i kriminalitetsførebygging.
Studiet kan takast som ei frittståande vidareutdanning eller som ein valfri modul innan Mastergrad i samfunnsplanlegging.
Førstelektor Lars Jørgen Vik, forskar Ronald Nolet, studiekoordinator Cecilie Wilhelmsen,
førstelektor Alf Roger Djupvik, politisk rådgjevar i Justis- og politidept. Marit Helene Meyer, høgskulelektor Bernt Olav Øvregaard.
Studiet er retta inn mot tilsette i offentleg og privat sektor som: sektorsjefar, planleggjarar, lokale kriminalitetsforebyggande koordinatorar, lærarar, sosialarbeidarar, politi- og fengselstenestemenn og tilsette innan rusforebyggande sektor og barnevernet.
Undervisninga er organisert med fem vekesamlingar. Tre av samlingane blir i Volda, ei i Trondheim og ei i Oslo.
Sjå også:
http://www.hivolda.no/cgi-bin/arkiv?id=777
Fagleg innhald:
http://www.hivolda.no/cgi-bin/arkiv?id=762