Kulturspira på Høgskulen i Volda 23. juni

I perioden 21. – 25. juni 2004 arrangerer Kultursekken i Møre og Romsdal og Høgskulen i Volda produksjonsverkstadar for kunstnarar, kulturskule for vaksne og kulturskule for barn og unge i Volda.

Kulturspira, ein dialog om gode kunst- og kulturproduksjonar til Den kulturelle skolesekken

Kulturdekor

Når alle grunnskuleelevar i Noreg skal møte kunstnarar på høgt nivå innan ulike sjangrar kvart år, slik målsettinga er for Den kulturelle skolesekken, set det store krav til kunst- og kulturinstitusjonar om å produsere tilstrekkeleg med framsyningar, utstillingar, læremiddel o.a. og kvalitativt gode nok produksjonar for denne målgruppa.

Lærarar og andre barne- og ungdomsarbeidarar må få auka kompetanse i å møte og bruke kunsten og kunstnaren i eit samspel med målgruppa, dvs elevane. Like eins må kunstnarar få auka sin formidlingskompetanse i møte med barn og unge i eit samspel med læraren og skulen.

Prøvekluten i Volda 21. – 25. juni
I perioden 21. – 25. juni 2004 arrangerer Kultursekken i Møre og Romsdal og Høgskulen i Volda produksjonsverkstadar for kunstnarar, kulturskule for vaksne (lærarar og andre med pedagogiske oppgåver knytt til kulturformidling) og kulturskule for barn og unge i Volda. Vi kallar arrangementet for Prøvekluten, fordi vi håper det kan bli det første steget mot å etablere Volda som eit senter for kulturproduksjonar, der kunstnarar får høve til å møte kompetansen i skule- og høgskuleverket.

Kulturspira
Vi ser for oss at vi sår eit ”kulturfrø” gjennom prøvekluten, og som ei sluttmarkering av kultur- og produksjonsverkstadane vil vi onsdag den 23. juni 2004 invitere deg til å delta på Kulturspira, ein samankomst for å rette blikket framover og for å utveksle synspunkt om dei gode kunst- og kulturproduksjonane. Vi ønskjer i denne samanhengen å samle ei gruppe sentrale personar til å vere med å stake ut vegen vidare.

Vi vil presentere utdrag frå nye produksjonar det blir jobba med, og legge til rette for ei markering av arbeidet med eit senter for kulturproduksjonar i Volda.

Program for dagen
Onsdag 23. juni klokka 12 – 16.

Presentasjon av nye kulturproduksjonar (utdrag).

Eit senter for kulturproduksjon – frå draum til røyndom

Næringsinntak med sirkulasjon

Forum for dialog (innlegg frå fleire deltakarar)

 

Les meir om Den kulturelle skulesekken påwww.kultursekken.no

Del på: