Kurs for å bevisstgjere unge forbrukarar

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Unge og bevisste forbrukarar er i fokus på etterutdanningskurset ”Forbrukarlære i skolen - kommersielt press mot barn og unge” som vert halde ved Radisson SAS Hotel i Ålesund onsdag og torsdag 4.- 5. februar.

ryslett2

Korleis lærar vi barna våre om rett og gale i nye trendar? spør høgskulelærar Kari Ryslett ved Høgskulen i Volda.

 

Aktuelt kurs

- Kurset er gratis, og vi oppfordrar alle som har interesse av temaet, til å ta del, seier Ryslett ved Høgskulen i Volda.

- Lærarar på både barne- og ungdomssteget i grunnskulen som underviser i heimkunnskap, matematikk, samfunnsfag, KRL og norsk er aktuelle målgrupper.

- Forbrukarlære har ein sentral plass i læreplanane og høver godt for arbeid på tvers av fag. Det kan difor vere ein fordel med to eller fleire deltakarar med ulik bakgrunn frå kvar skule, oppfordrar Ryslett. Kurset vil også kunne vere aktuelt for lærarar i vidaregåande opplæring, samt lærarstudentar, seier ho.

Kommunane i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune ved utdanningsavdelinga i tillegg til grunnskolar og vidaregåande skolar i Møre og Romsdal, Fylkesgruppa for verdiar i skolen og Utdanningsforbundet i Møre og Romsdal vil vere sentrale aktørar.

Bakgrunn

- ”Framtiden i våre hender” og TENK/Skolenettet er også bidragsytarar til dette kurset som fylkesmannen ser som ein del av den nasjonale satsinga på verdiar i skolen, forklarar Ryslett.

Bakgrunnen for tiltaket er Forbrukarrådet og Barne- og familedepartementet (BFD) si satsing på styrking av forbrukarlære i skulen - med spesiell fokus på området kommersialisering og kjøpepress mot barn og unge. BFD lanserte våren 2003 ein tiltaksplan der eitt av tiltaka er retta mot skolane og etterutdanning av lærarar. Formålet er å gje eit grunnlag for å lære elevane å tolke, analysere og kritisk granske reklamebilete og andre kommersielle bodskap, slik at dei kan få eit reflektert forhold til kommersielt kjøpepress. Som ledd i dette arbeidet har alle ungdomsskolane i landet denne hausten fått tilsendt eit arbeidshefte om reklame som klassesett frå Forbrukarrådet/BFD.

ryslett_faksimile1ryslett_faksimile2ryslett_faksimile3

Faksimiler: Presset frå fleire delar av samfunnet er med på å skape eit kommersielt press mot unge som mange har vanskar med å takle.

Kurset finn stad på Radisson SAS Hotel i Ålesund (nede ved sjøen), Sorenskriver Bulls gt. 7, onsdag og torsdag 4.- 5. februar. Kursprogram og påmeldingsskjema blir også lagt ut på fylkesmannen si heimeside

PROGRAM

Del på