Lærarar til HVO for kompetanseheving

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

83d218e7c7c90f7d0f1ac18c601186da2f144b37
Lærarar i Sjustjerna samla til kompetanseheving ved høgskulen. 

Samlinga er den første av i alt fire samlingar i løpet av skuleåret. Hilde Gry Leer-Salvesen, representant frå Sjustjerna, opna samlinga med å poengtere at lærarane sit på høg kompetanse innanfor klasseleiing, men at dette kan vere eit møtepunkt mellom teori og praksis.

Høgskulelektorane i pedagogikk, Ellen Jåvold og Marit J. Øien Sæverud står som fagleg ansvarlege for kurset, og legg opp til eit kurs med teoretisk påfyll, erfaringsutveksling og konkrete arbeidsoppgåver mellom samlingane.

UTVIKLA I SAMARBEID MED SJUSTJERNA

Kurset er utvikla i samarbeid mellom Sjustjerna og Høgskulen i Volda.

─ Vi har gjennom dei siste åra hatt eit godt og nært samarbeid mellom Høgskulen i Volda og Sjustjerna, seier Oddbjørn Nes, leiar ved Kontor for etter- og vidareutdanning. ─ Målet er at lærarane som deltek på kursa skal kunne arbeide langsiktig med fokus på utvalde emne.  Vi har difor lagt opp til fire samlingar med mellomarbeid. Dette gir kursdeltakarane høve til å prøve ut stoffet mellom samlingar og dele erfaringar når dei møtest att, seier han.

Les meir om høgskulen sitt kurstilbod. 

Del på