Lærarutdanningane på Vestlandet samarbeider

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Vestnorsk nettverk består av høgskulane i Agder, Stavanger, Stord/Haugesund, Bergen, Sogn og Fjordane og Volda, og rektor Johs. Thaule ved HSF er peikt ut til å vere leiar for eit arbeid som skal sjå nærare på mogeleg samarbeid innan lærarutdanningane.

Lærarutdanninga i Noreg er under omlegging, og det knyter seg store spørsmål til korleis dei ulike høgskulane skal takle den framtidige modellen som kjem til å fjerne seg frå dagens breie allmennlærarmodell. Går det an å sjå for seg arbeidsdelingar og samarbeid mellom høgskulane? Dette vert drøfta på samlinga.

Dekanane vil komme inn på både praksis, mastergradar og fou, samarbeid innan fagmiljø, personalutvikling, kompetanseutvikling og kvalitetsutvikling.

Høgskulane er ikkje berre konkurrentar på ein stram utdanningsmarknad. Dei prøver også å finna ut korleis samhandling innan ein region kan vere nyttig både med tanke på å ivareta høg kvalitet på det ein driv på med, og institusjonane sine eksistensgrunnlag.

Dekan Svein Heggheim ved Avdeling for lærarutdanning og rektor Johs. Thaule ved HSF er vertskap for møtet i Sogndal.


Kjelde: HSF

Del på