Leiaropplæring i Hareid, Sande og Vanylven

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Første samling
Onsdag 19. september kom 80 – 90 kommunale leiarar til Høgskulen i Volda for å ta del i den første samlinga i opplæringsprogrammet. Tema var ”Kommunal sektor i endring og konsekvensar for den kommunale leiarrolla”.

Kommunale hamskifte
I første økta såg professor Jørgen Amdam nærare på ulike kommunale hamskifte. Han tok m. a. opp forholdet mellom kommunesamfunn og kommuneorganisasjon i fortid, notid og framtid – roller og rolleendring. Han peika på megatrendar og nye utfordringar knytt til moglege endringar i kommunestruktur, befolkning, næringsliv, bu- og arbeidsmarknader m.m. 

1069243397

Frå venstre: Gunnar Strand (rådmann i Vanylven), Synnøve Thorseth (personalleiar i Hareid), professor Jørgen Amdam, Bård Dalen (kontorsjef i Sande) og professor Roar Amdam under første samlinga onsdag 19. november.

Etter lunsj sette professor Roar Amdam fokus på modernisering av offentleg sektor og korleis kommuneorganisasjonen er under enderingspress.  Om reformbølgjer i offentleg sektor. New Public management. Kommuneorganisasjonen sine oppgåver. Oppgåve- og maktfordeling mellom stat og kommunar. Nye måtar å organisere på som endrar vilkåra for og handlingsrommet til kommunale leiarar.

Kommunane tok initiativet
Initiativet for å få i stand eit slikt opplæringsprogram kom frå kommuneleiingane i dei tre kommunane Sande, Hareid og Vanylven. I samarbeid med Institutt for planlegging og administrasjon (IPA) har det no blitt utvikla ein kurspakke med tre fellessamlingar og fleire mindre samlingar i dei enkelte kommunane.

- Det var naturleg å vende seg til Høgskulen i Volda fordi høgskulen med sin mastergrad i samfunnsplanlegging har høg kompetanse på området, seier Dalen.

Leiarrolla i endring
Personalleiar i Hareid kommune, Synnøve Thorseth, er som ansvarleg for leiaropplæringa i kommunen spesielt oppteken av kva konsekvensar endringane i kommunal sektor har for leiarrolla.

1069243631

Synnøve Thorseth er personalleiar i Hareid kommune. 

- Nye organisasjonsformer, nye måtar å løyse oppgåvene på m. m. har konsekvensar for leiarrolla. Det må vi vite meir om. Difor er dette kurset så viktig, seier ho.

1069243474

Pause!

Del på