Master i kulturmøte og Midtausten

Denne veka har studentane ved Master i kulturmøte besøk av Dr. Efrat Ben-Ze’ev. Ho er ein jødisk antropolog og historikar som fokuserer på palestinske, jødiske og britiske perspektiv på den arabisk-israelske krigen i 1948.

Førelesingane desse dagane baserer seg på boka «Remembering Palistine in 1948».

– I arbeidet med denne boka intervjua eg menneske som måtte flykte frå tre palestinske landsbyar ved Karmel-fjellet. Eg snakka også med israelske soldatar og veteranar om korleis dei opplevde krigen i 1948. Eg har også undersøkt korleis britiske politimenn opplevde å vere stasjonert der. Eitt av mine funn er krig betyr mange forskjellige ting for ulike menneske, seier Efrat Ben-Ze’ev.

229b4a7b338c672f2554457a225a22cc

Inger Marie Okkenhaug og Dr. Efrat Ben-Ze’ev.  Ben-Ze’ev jobbar til dagleg ved Ruppin Academic Center i Israel.

OM Master i kulturmøte

Master i kulturmøte er eit tverrfagleg studium om kulturar og møte mellom kulturar. Nye flyttemønster og nye kommunikasjons- og informasjonsteknologiar krympar avstandar og fører kulturar i tettare kontakt med kvarandre. Denne utviklinga skaper behov for å forstå kulturmøte både i eit historisk perspektiv og i eit samtidsperspektiv – regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Programmet er bygd opp av fire kulturhistoriske emne, kvart på 15 studiepoeng, og ei mastergradsoppgåve på 60 studiepoeng.

Les meir.

Del på: