Musikalen ”Paradiset”

Musikalen "Paradiset" som markerer starten på Volda kyrkje sitt 75-årsjubileum, må kunne kallast eit nyskapande kulturprosjekt for og med barn. Tekst og musikk er skrive spesielt for dette høvet, og musikalen vert gjennomført som eit nært samarbeid mellom kyrkja, fleire barneskular, Volda korskule og Høgskulen i Volda ved musikkstudentar (band), MID-studentar (film) og tilsette.

Sigrun Meisingset (drama) har ansvar for regien i lag med Sigrid Sigmundstad og Sol Renathe Lillestøl (koreografi). Reidun Åslid Bjørlykke (musikk) er prosjektleiar for musikalen.. Meisingset og Bjørlykke har begge lang erfaring med drama- og musikkpedagogisk verksemd, og ser på arbeidet med musikalen som viktig for vidare erfaring med kulturproduksjonar for og med barn.

Eitt hundre elevar i barneskulen er aktørar i musikalen. Dei framfører musikalen gjennom song, dans og drama. Innhaldet knyter an til Volda kyrkje si historie med kyrkjebrann, oppattbygging og kyrkja sine funksjonar i samfunnet. Og alt er på nynorsk! Musikalen har i seg både lokalhistorie, kulturproduksjon og kunstfaglege uttrykksformer utforma for med barn! Det bør vere av interesse også for vaksne!

 

Framsyningar

Fredag 20.04 kl. 10.00 og 11.45 for elevar i barneskulane og andre interesserte

Laurdag 21.04 Kl. 12.00. – for alle.

Mandag 23.04 Kl. 10, 11 og 12 – eit opplegg tilpassa for barnehagane og andre interesserte.

Del på: