Ny HVO-vev

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Verdsveven blir ein viktigare og viktigare kanal for intern og ekstern informasjon og kommunikasjon. Ei rekrutteringsundersøking frå hausten 2002 viser at heile 60% av søkjarane våre oppgjev Internett som den viktigaste kjelda for informasjon. Så seint som i 1998 viste ei anna undersøking at Internett var ein ”ubetydeleg kanal”.

Visjon
Bak den nye satsinga på verdsveven ligg eit ønskje om å skape ein HVO-vev som på ein best mogeleg måte tek omsyn til eksterne og interne brukargrupper sine behov og ønskjer. Ein vev som på ein god måte kan profilere HVO og studiestaden Volda regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Internt skal HVO-veven vere den sentrale kjelda til informasjon, formidling og informasjon og støtte for samhandling (Intranett).

Nytt publiseringsverkty
Den nye vevsatsinga ved HVO krev ei ny teknologisk plattform. Publiseringsverktya som til no har vore i bruk ved HVO, har hatt sine klare avgrensingar. Terskelen for publisering vore for høg, og det har vore vanskeleg å skape og halde vedlike ein heilskapeleg vev med brukarvenleg og konsistent bruk av designprogram, sidemalar, navigasjonsverkty m. m.

I kravspesifikasjonen for eit nytt felles publiseringsverkty for HVO har ein difor lagt vekt på følgjande:
- databasebasert med dynamiske vevsider
- lav terskel for publisering (publisering og vedlikehald v. h. a. vevskjema, ikkje HTML)
- betre styring av grafisk profil (skilje av innhald og design, global styring med malsider og CSS)
- systemet bør ha ferdige applikasjonar vi kan ta i bruk som dei er (t. d. god editor, nyheiter, forum, Intranett, studiehandbok o. l. )
- god administrasjon av brukarar, styring av filtilgang osv

Ei arbeidsgruppe med IT-lærar Terje Hansen, driftsleiar Leif Roar Strand, IT-leiar Stig Flåskjer og informasjonskonsulent Per Arne Brandal (sekr.)har hausten 2002 arbeidd med å finne eit nytt publiseringssystem som møter desse krava.

Etter å ha vore i kontakt med ei rekkje andre høgskular og åtte firma, kunne ein i desember i fjor konkludrere med at løysinga frå Switch Media Team i Bodø er den beste for HVO. Høgskulen i Bodø har også valt denne løysinga, og er svært nøgd med den.

Ny vevkoordinator
Som ein del av den nye satsinga på verdsveven, har HVO tilsett ny vevkoordinator. Kristian Fuglseth (26) har mellomfag i IKT, kommunikasjon og kunnskapsutvikling. Han har også ein mastergrad i Information Management frå Leeds Metropolitan University.

Viktige oppgåver oppgåver for vevkoordinatoren er å vere kontaktperson mellom HVO og omverda i vevsamanheng, vere kontaktperson/ressursperson for interne informasjonsprodusentar og –leverandørar, vere pådrivar for at informasjon vert lagt ut og koordinere aktivitetar knytt til innhald og oppdatering, syte for at informasjonen vert utforma etter dei retningslinjer som er gjevne for tenesta samt vidareutvikling og marknadsføring av tenesta.

Kurs
Måndag 10. februar kalla vevkoordinator Fuglseth inn vevoperatørane i administrasjonen og avdelingane til kurs i bruk av NetEd.

neted-kfu
Vevkoordinator Kristian Fuglseth innleia
kursdagen med å dele tankar om god vevdesign.


- Eg legg vekt på å skape ei god korpsånd. Opplæring og støtte vil vere ein av mine viktigaste funksjonar no i implementeringsfasen, og eg vonar at brukarane av NetEd vil oppleve at systemet verkeleg gjer terskelen for publisering lågare, seier Fuglseth som vonar at den nye HVO-veven kan lanserast i løpet av vårsemesteret.

Etter kommentarane å døme, verka det som dei fleste var svært godt nøgde med det dei såg på skjermane sine.

neted-folk
Delar av korpset som skal realisere den
nye HVO-veven. Nytt Intranett skal det også bli.


Switch Media Lab
Prosjektgruppa som har valt nytt publiseringssystem for HVO, har hatt fleire møte og kontinuerleg informasjons- og erfaringsutveksling med høgskulane i Ålesund, Oslo, Stavanger, Bergen, Bodø og Telemark. Desse høgskulane er også i ferd med å vurdere/ta i bruk slike nye dynamiske databasebaserte publiseringsløysingar.

neted-jim
Dagleg leiar i Switch Media Lab Jim Jakobsen.

Vidare har gruppa hatt møte med og evaluert løysingar frå åtte firma: Netway (Ålesund), Mimer (Ålesund), Nexus Group (Ålesund), PedIT (Volda), Triangel (Molde), eZ (Skien), VINN (Narvik) og Switch Media Lab (Bodø).

I tillegg til den utsendte kravspesifikasjonen vart det lagt vekt på følgjande:
- kraftig verktykasse (utviklingsverkty)
- referansar
- erfaring frå uh-sektoren
- ferdig utvikla applikasjonar som HVO kan ta i bruk
- grad av styring av profil og typografi
- solid firma
- grunnlagsteknologi (helst ”open source”)
- pris





Del på