Ope seminar: Effektiv kommunikasjon i nedgangstider
Den amerikanske professoren Carl Botan frå George Mason University i USA gjesta Volda i 2007. No er det duka for eit gjensyn med den prisvinnande professoren når informasjonsutdanninga i Volda inviterer til eit ope seminar om kommunikasjon i krisetider torsdag 30. april.
Professor Carl Botan, som har PR og strategi som spesialområde, vil snakke om strategisk kommunikasjon, finanskrisa og mangel på rekruttering av arbeidskraft til maritim sektor, samt relaterte spørsmål knytt til effekten av krisa.
Program
12.00: Registrering og kaffi med noko attåt
12.15: Introduksjon ved førstelektor Jan Arne Halvorsen. Presentasjon av "Public Relations: State of the Field" ved professor Carl Botan.
13.00-13.15: Pause
13.15: "Grand Strategy, Strategy, and Tactics in Public Relations" ved professor Carl Botan
14.00-14.15: Pause og førebuing til studentpanel/debatt/spørsmål og svar.
14.15-15.00: Studentar og andre deltakarar i salen i debatt med Carl Botan om aktuelle tema innan PR og kommunikasjon
15.00: Enkel servering og mingling
Tid og stad
Torsdag 30. april 2009 kl 12.15 - 15.00 i Store auditorium i Berte Kanutte-huset ved Høgskulen i Volda.
Samarbeidsprosjekt
Besøket er et samarbeid mellom Kommunikasjonsforeningen i Møre og Romsdal, informasjonsutdanninga ved Høgskulen i Volda og VRI (virkemiddel for regional FOU og innovasjon).
Les meir om professor Carl Botan på George Mason University sine heimesider.