Open førelesing om arbeidsglede

Høgskulen i Volda og Sjustjerna omsorg inviterer til ei open førelesing med tema arbeidsglede onsdag 4. februar frå 13.15 til 15.30 ved Høgskulen i Volda, Ivar Aasen-huset, Aasen aud, melder Anne-Sofie Egset ved høgskulen. – Målet er å auke den enkelte arbeidstakar sin personlige effektivitet og kreativitet ved å fokusere på løysingar framfor problem, seier Anne Gerd Samuelsen, som held føredraget.

– På mange arbeidsplassar kan ein oppleve konfliktfylte arbeidsmiljø og umotiverte arbeidstakarar, seier Anne Gerd Samuelsen. Målet er å auke den enkelte arbeidstakar sin personlige effektivitet og kreativitet ved å fokusere på løysingar framfor problem.

– Mine erfaringar viser at gode teknikkar i verksemder og organisasjonar aukar medarbeidarane sin velferd og motivasjonen, slik at de trivst betre og fungerer ved stadige endringar. Resultatet vert meir effektive og betre motiverte arbeidstakarar, i tillegg til lågare sjukefråvær.

660626ca2d0d5ad395aba6eca389f8d64878d302

Arbeidsglede er lønnsamt!

– Eg har ein visjon om å frigjere enkeltmennesket sitt overskot, arbeids- og livsglede ved hjelp av stressmeistring i praksis og grundige sorteringsverkty innan kommunikasjon og endring. Resultatet av dette vert betre kommunikasjon, sterkare relasjonar og forhåpentlegvis betre lønnsemd, seier Samuelsen. 

Anne Gerd Samuelsen har skrive boka "Kunsten i samspill – fra ord til handling." Ho er dagleg leiar av firmaet Arbeidsglede.

Tema: ARBEIDSGLEDE
Tid:      Onsdag 4. februar kl. 13.15-15.30
Stad:   Høgskulen i Volda,  Ivar Aasen-huset, Aasen-auditoriet.
Førelesar: Anne Gerd Samuelsen

Del på: