Opning av Karrieredagane 2014

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

– Det er viktig at elevane i grunnskulen får eit godt innblikk i dei mange utdannings- og karrierevegane i fylket vårt, sa Berset.

ffc12347fc3e0818e6b6bf00ef9e44c6

Jan Berset er ordførar i Ulstein kommune.

Ordførar Berset framheva også den andre sentrale målsetjinga med Karrieredagane.

– Vi vil at ungdomen skal gjere gode og medvetne val basert på kunnskap. Karrieredagane er eit fint bidrag i så måte, sa han.

Det er som nemnt 6. året at alle 10-klassingar i Sjustjerna-regionen vert invitert til dette arrangementet ved Høgskulen i Volda. Det betyr at knappe 4000 elevar i ungdomsskulane på Søre Sunnmøre har vore innom studiebygda og Høgskulen i Volda desse åra.

Målsettingar

Dei overordna målsettingane er å adressere feilval og fråfall i vidaregåande skule samt å gje eit bilde av utdanning og karrierevegar i Møre og Romsdal I tillegg skal 10-klassingane få meir kjennskap til val av utradisjonelle utdannings- og karrierevegar på tvers av kjønn og etnisk bakgrunn. På arrangementet vil lærarar og elevar /lærlingar frå dei vidaregåande skulane, representantar frå opplæringskontor, arbeidsliv i privat og offentleg sektor og høgare utdanning vere til stades. På Søre Sunnmøre er dei ulike postane organisert i fag- og utdanningsområde, der retningar innanfor programområde, opplæringskontor og arbeidsliv er samla. Det er lagt opp til at det skal vere relevant aktivitet på dei ulike postane. Intensjonen er å vise den ”raude tråden” innanfor dei ulike yrkesretningane.

8b2a9fcd7f7ab7369ef6acbfddf8af05

I løpet av seks år har i underkant av 4000 elevar i ungdomsskulane på Søre Sunnmøre vore innom Høgskulen i Volda i samband med Karrieredagane. 

Viktig interessentsamarbeid

Karrieredagane 2014 er styrt av ei gruppe aktørar frå utdanning og arbeidsliv på Søre Sunnmøre. Partnarskapsgruppa har i år desse medlemmane. Anne Marie Pilskog (Opplæringskontoret i Hareid), Liv Ose (Ulstein vidaregåande skule), Ann Turid Andersen Egset (Ørsta vidaregåande skule), Heidi Aambakk (Ørsta ungdomsskule), Ove Krumsvik (Volda ungdomsskule), Jan Thormodsæter (MAFOSS), Trine Pilskog (NAV), Erlend Krumsvik (Herøy kommune), Hege Nedreberg Vestavik (Herøy vidaregåande skule), Randi Kalland (Volda vidaregåande skule), Terje Vilnes (Opplæringskontoret for elektrofag), Eirik Bech (Høgskulen i Volda), Per Arne Brandal (informasjonsleiar ved Høgskulen i Volda), Oddbjørn Nes (Høgskulen i Volda)  og Torill Engeseth (prosjektkoordinator Høgskulen i Volda).

Elevprosjekt

I førebuinga til arrangementet på Søre Sunnmøre er elevar ved dei vidaregåande skulane i Ørsta, Ulstein, Herøy og Volda involvert. I år vil elevar frå Restaurant- og matfag ta ansvar for servering, elevar frå Musikk, dans og drama vil stå for underhaldning, elevar frå Service og samferdsel vil vere guidar under arrangementet og elevar frå Bygg- og elektrofag har ansvar for rigging og rydding. Arbeidet er organisert i elevprosjekt som til saman utgjer ein velorganisert dugnad.

1c6bb731b395354a8704b9b9c440cbe2

Elever frå Musikk, dans og drama ved Volda vidaregåande skule sytte for framifrå underhaldning.

Del på